Vi held oss i debutsamlinga til Jakob Sande frå 1929, med diktet Hornelen.
Hornelen, den høgaste sjøklippa i Europa. Foto: Knud Knudsen/UiB
HORNELEN
Djevlesvart, vill som ein trollkatedral,
sundriven, morkna og grå.
Havet marmar med sukk og skval,
hyler åt Satan ein kald koral,
når nordvesten bryter på.
Nordljos logar i vetternott,
over dei svarte glup.
Stillt gjenom natt susar vindharpeslått,
døyvt stig nåskrik og trollelått,
upp frå dei døkke djup.
Djevlar dansar ved midnattsbel,
- munnharpa skjer og kvin.
Remjande skrattar og tussespel,
ljomar i notti til hanen gjel.
og nordljos blakrar og skin.
Her sankast frå nord og frå aust og vest,
trollpakk og seidemenn.
Her held dei sin heilage jolefest,
der Judas er klokkar og Satan prest,
med’ nordljos blakrar og brenn.
Svarte næter, 1929.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.