I Sandesenteret for verdsfred

Kan vi skape verdsfred? Denne veka handlar det om dei store spørsmåla her i Jakob Sande - senter for forteljekunst. Ungdommar frå UWC og Dale vgs jobbar saman med fagfolk frå Den Mangfaldige scenen om demokrati, ytringsfridom og likeverd.

08.10.2025

Kva er fred? Korleis kan vi oppnå fred? Er det mogleg? Det er nokre av spørsmåla denne gjengen har arbeidd med i Klokkargarden denne veka.

Denne veka er det studentar frå Red Cross Nordic United World College som bur i residensen her i Jakob Sande - senter for forteljekunst. 

Ungdommane deltek i utviklinga av den interaktive framsyninga VERDSFRED. 

VERDSFRED skal bli ei framsyning for unge om demokrati, ytringsfridom og likeverd, som skal stå ferdig i 2027. Målet er å løfte fram unge stemmer og styrke fellesskapa rundt dei.

Med Jon Werede Hope og Shwan Wahed i spissen, startar føreprosjektet VERDSFRED 6. – 9. oktober, med ein verkstad i Fjaler. Ungdomar frå Dale vidaregåande skule, ungdomar frå UWC og kunstnarar er saman om å skape innhald og forme framsyninga.

Signe er elev ved Dale vgs og deltok i forbeidet til framsyninga VERDSFRED.

"Vi lever i ei ganske uroleg verd. Mange uroar seg og er redde. Eg syns dette verka spennande å vere med på", seier Signe Rege Fjermestad.

Ho er elev ved Dale vidaregåande skule og deltek også på verkstaden. 

"I dei tre dagane vi har vore her har vi diskutert mange store spørsmål, som kva fred eigentleg er. Er det berre fråveret av krig, eller noko meir? Og kan vi nokon gong oppnå fred? Deltakarane er ei gruppe med folk frå alle kontinent, som har delt mange veldig interessante historier og perspektiv. Eg har satt pris på kor ærlege folk har vore og at det har føltes trygt å dele," fortel Signe. 

Jon Werede Hope og Shwan Wahed frå Den Mangfaldige Scenen har leia arbeidsverkstaden.

Neste steg er ein verkstad i Oslo i byrjinga av 2026. Her vil ungdommar frå vidaregåande skular i Oslo arbeide saman med fem ekspertar for byggje vidare på erfaringane frå Fjaler.

Ungdommane bidreg med refleksjonar og idear. I tillegg har dei fått høyre om arbeidet i Sandesenteret og kjent på atmosfæren i Klokkargarden.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Den Mangfaldige Scenen, Jakob Sande – senter for forteljekunst, Dale vidaregaånde skule,  UWC og Fjaler kommune. Prosjektet er støtta av Sparebankstiftinga i Fjaler.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Til lukke med arbeidarane sin internasjonale kampdag

1. mai er arbeidarane sin kampdag, der krav om rettferd og betre arbeidsvilkår blir løfta fram. I diktet "Til den norske landarbeider" oppmodar Jakob Sande arbeidaren til å reise seg, knyte nevane og slutte seg til kampen, og gå saman under ei felles fane.

Les elevane sin rapport frå Bygningsverndagen 2026

Alle sjuandeklassingar i Fjaler og Hyllestad var invitert til Steia gard til Bygningsverndag 21. april. Der deltok elevane i tradisjonshandverk som sløyd, smie, steinarbeid, lafting og gartnararbeid i det rike kulturhistoriske miljøet. Jakob Sande - senter for forteljekunst, Nikka Vonen venelag, Skogselskapet og Kvernsteinsparken stod bak arrangementet. Skrivegruppa fekk prøve seg som både diktarar og journalistar. Med forteljingane om jentene som gjekk på Nikka Vonens pigeskole ferskt i minne, dikta dei fram brev og dagboknotatar frå ein morgon på Steia gard. Dei skreiv også frå ting som var tause forteljarar og fann på historier. Deretter prøvde dei seg som journalistar, og måtte sjå, høyre og spørje for å finne fram til fakta. Her kan du lese journalistane sin rapport frå dagen:

Vekas dikt: KLEPPE-MARET

Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er Kleppe-Maret.