No blir det ungdomsakademi i forteljekunst i Sandesenteret

I juni tek Jakob Sande – senter for forteljekunst imot 22 elevar frå helse- og oppvekstfag ved Dale vidaregåande skule til to dagar med kurs og verkstader i skapande skriving og formidling, danning og fellesskap. Akademiet er ein pilot for eit programfag i skapande skriving og forteljekunst i den vidaregåande skulen.

02.06.2025

Foto frå då Det Norske Jentekor vitja Nikka Vonens jenteskule Foto: David Zadig

Målet er å bygge opp eit akademi som kan styrke ungdommar sine kreative og skapande evner, evner til kritisk refleksjon og til å vere aktive deltakarar i samfunnet. I tillegg er målet å prøve ut innhald til eit programfag i den vidaregåande skulen, som legg til rette for at elevane kan utvikle seg kreativt skriftleg og munnleg. 

Under akademiet skal elevane ha skrivekurs med forfattar Brynjulf Jung Tjønn, debattkurs med Framtida Junior-redaktør Svein Olav Langåker og fortelje- og formidlingskurs med artist Thea Hjelmeland og med lege Tori Flaatten Halvorsen.

Utvikle si eiga stemme

Dale vidaregåande skule har i fleire år hatt eit samarbeid med Jakob Sande – senter for forteljekunst, og vi er særs glade for at Sparebankstiftinga Fjaler vil vere med å utvikle dette samarbeidet vidare. Ungdomsakademiet si satsing vil kunne inspirere lokale ungdomar til å ta ordet og utvikle si eiga stemme, og gje dei høve til å lære av dyktige munnlege formidlarar frå heile landet, slik at dei i større grad kan del i det samfunnet dei lever i, seier Tor Egil Furevikstrand, som er kontaktperson hos Dale vidaregåande skule.  

Mennesket vs. KI som forteljar

Under akademiet skal elevane blant anna sjå nærare skilnaden mellom kunstig intelligens og mennesket som forteljar. 

Kunstig intelligens utfordrar korleis ein jobbar med tekstar, munnleg formidling og evaluering av kunnskap i skulen. Elevane må i større grad enn før kunne syne at dei har eigarskap til kunnskap og tekstar sjølve gjennom munnleg formidling, når skriftlege kjelder vert utfordra på nye måtar og ein med eit tastetrykk kan generere tekst frå ChatGPT.

Brynjulf Jung Tjønn har skrive bøker for barn, ungdom og vaksne, og jobba som redaktør og journalist. I skrivekurset under akademiet vil han tematisere KI og mennesket som forteljar. Jung Tjønn skriv ofte sjølv med utgangspunkt i eigne erfaringar og vil ta utgangspunkt i kor viktig eit menneske er for å skape kunst.

Elevane skal også ha økter med munnlege forteljekunstnarar, som på ulike måter gir ungdommane erfaring i trene seg til trygge formidlarar. 

Artist Thea Hjelmeland er kunstnar, multi-instrumentalist, vokalist, komponist og tekstforfattar, som er kjend for sitt sterke nærvær på scena og for kontakten ho skaper med publikum. Ho vil arbeide saman med elevane med performative fordmidlingsteknikkar og det å finne tryggleik som formidlar. 

Lege og forteljekunstnar Tori Flaatten Halvorsen vil bruke si omfattande erfaring frå helsevesenet og sine evner innan formidling og forteljekunst til å engasjere og utvide ungdommane si forståing av seg sjølve i møte med pasientar og som aktørar i eit helsesystem. Halvorsen er spesialist i allmennmedisin og har jobba som lege i nesten 30 år. Ho er forelesar, pårøranderettleiar, frilansjournalist, forteljar og fotograf. Halvorsen vil saman med elevane utforske kva rolle forteljekunst speler i møtet mellom helsepersonell og pasient. Dette har ho mellom anna skrive om i Tidsskrift for norsk legeforening

Svein Olav Langåker er redaktør i Framtida Junior, styreleiar i Nynorsk pressekontor og dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkomunar. Han held intensivkurs for ungdommar i å arrangere og leie debattar, og vil under akademiet kurse ungdommane i møteleiing, retorikk og intervjuteknikk. Saman vil dei kome fram til kva tema som er viktige for ungdommar i Fjaler, og førebu ein debatt som elevane skal arrangere. Debattkurset er støtta av Folkeakademiet Sogn og Fjordane, som har fått støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til å gjennomføre debattkurs for ungdom i vårt område. 

Programfag i forteljekunst

Då Jakob Sande - senter for forteljekunst opna i 2020, starta mellom anna arbeidet med å få meir forteljekunst og skapande skriving inn i den vidaregåande skulen. Ei faggruppe nedsett av Sandesenteret utarbeidde ein fagplan for kva eit slikt programfag bør innehalde, som er grunnlag for programmmet i denne piloten. 

Faggruppa var leia av Furevikstrand, og dei andre i faggruppa var Kjersti Rognes Solbu, Jonas Bakken, Anna Kleiva og Janne Karin Støylen.

Erfaringane frå ungdomsakademiet vil danne grunnlag for det vidare arbeidet for at elevar i vidaregåande skular i heile landet skal få prøve seg i ulike uttrykksformer. 

 

Ungdomsakademiet er mellom anna støtta av Sparebankstiftinga Fjaler.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Møt Jakob Sandesenteret på Kvernsteinsmarknaden

Laurdag 7. juni besøker Jakob Sande - senter for forteljekunst Hyllestad og den årlege kvernsteinsmarknaden der. På standen finn du informasjon om Jakob Sandesenteret, eigne produkt som koppar, t-skjorter, bøker og dukar, samt aktuell nynorsk litteratur.

Opprettar eit eige venelag for Nikka Vonen

Under Forteljekunstakademiet er fleire av programpostane på Steia Gard, staden der Nikka Vonen dreiv skule for jenter mellom 1869 - 1907. Under programposten "På sporet av Nikka Vonens hage på Steia Gard" vil vi freiste samle ulike menneske med eit engasjement for Nikka og skulen hennar, og stifte eit eige venelag.

Unge formidlarar i Fjordkystparken

Unge sommarvertar får no opplæring i å formidle kystkultur og lokal historie på ein levande og personleg måte. Gjennom stemmebruk, øving i forteljeteknikkar og manus, skal dei bidra til å føre vidare den immaterielle kulturarven frå regionen.