I ettermiddag klokka 18 markerer vi fødedagen til Nikka Vonen med ei vandring og ein samtale. På markeringa vil du få høyre meir om det nystifta Nikka Vonen venelaget. Eit venelag med føremål om å styrkje interessa for Nikka Vonen si verksemd og skule- og danningshistoria i Dale. Vel møtt!
Nikka Vonen venelag skal bidra til å utvikle Steia gard til eit kulturhus og nasjonalt senter for danning med vekt på det levande ordet og undervisningskunst. Om du er interessert i å høyre meir eller vil melde deg inn som medlem i laget, kan du høyre meir under markering av Nikka Vonen sin fødedag med oppmøte ved minnestøtta på Steia gard i dag, fredag 14. november kl.18.00.
Laurdagsopen bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset.
Paula Ramos er i residens i Sandesenteret. Laurdag les Paula, i samarbeid med fleire, høgt frå eit manus til eit teaterstykke ho har arbeidd med under opphaldet.
«Kvinna» markerer opninga på Jakob Sande-minifestival som finn stad i Nynorskens hus, Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret 9.-10. november 2026. Arrangørar er Jakob Sande - senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, Den Mangfaldig Scenen, BUL, Vikværingen og Samlagsrota.
For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.
Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.