Bli med på ein stemningsfull førjulskveld når Sigrid Felde, Mats Systaddal og Ingrid Nedrebø inviterer til julekonsert i Løa. Med eit variert program som inkluderer kjende og kjære julesongar, nyare favorittar og eigne komposisjonar, blir det ei varm og musikalsk førjulsoppleving.
Sigrid Felde. Foto: Emilie H. Hjartholm.
Sigrid Felde og Mats Systaddal inviterer tradisjonen tru til julekonsert i Løa i Jakob Sande-senter for forteljekunst. I år har dei også Ingrid Nedrebø med seg på laget.
Dørene opnar 18.30.
Konsertstart 19.00.
Open bar.
190 for student/barn, 250 for vaksen. Billett i Ticketco.
Det vert ein konsert klokka 17 og ein klokka 19.
Laurdagsopen bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset.
Paula Ramos er i residens i Sandesenteret. Laurdag les Paula, i samarbeid med fleire, høgt frå eit manus til eit teaterstykke ho har arbeidd med under opphaldet.
«Kvinna» markerer opninga på Jakob Sande-minifestival som finn stad i Nynorskens hus, Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret 9.-10. november 2026. Arrangørar er Jakob Sande - senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, Den Mangfaldig Scenen, BUL, Vikværingen og Samlagsrota.