"Forteljingane vi kjenner oss att i" – Talkshow med Finn Tokvam og Ingrid Nedrebø

Det blir anekdotar, musikk, Sande-allsong og utdrag framsyninga «Velkomen» når Finn Tokvam og Ingrid Nedrebø kjem til Løa 1. desember, som også markerer 120-årsdagen til Jakob Sande.

1. desember, 19:00

Ingrid Nedrebø og Finn Tokvam saman med diktaren Jakob Sande Foto: Jørgen Leangen og Marita Aarekol

Då Finn Tokvam skulle lage si fyrste soloframsyning, «Velkomen», leita han fram historier frå si eiga heimbygd, Flåm.

Det som skulle bli åtte framsyningar, vart over hundre, spreidd over to år. I oktober spelte han den aller siste, og tilbakemeldingane var ofte dei same: Folk kjende seg att i det Finn fortalde om oppveksten på bygda. 

Kva gjer det med oss å sjå seg sjølve i andre sine historier og kva forteljingar kjenner vi oss att i, i dag?

Finn Tokvam er nynorskmann, forfattar, humorist og journalist i NRK.

Gjennom tre tiår i rikskringkastinga har Tokvam markert seg med sin særeigne og folkekjære forteljestil.

Slekt, naboar som stadig kom på besøk og dei klassiske «karane på benken» la grunnlaget for den historieforteljaren Finn Tokvam er i dag. 

Korleis bevare den munnlege forteljekunsten i møte med ein stadig meir morderne og digital kvardag? 

Det blir anekdotar, musikk, Sande-allsong og utdrag framsyninga «Velkomen» når Finn Tokvam kjem til Løa 1. desember, som også markerer 120-årsdagen til Jakob Sande.

Samtalen blir leia av Ingrid Nedrebø frå Fjaler. Ho er journalist, musikar og programleiar, og har mellom anna leia Ukeslutt på NRK P1.

I år er det 120 år sidan Jakob Sande vart fødd i bestefarstaua i Klokkargarden i Dale. Dette markerer vi med lys alle hus i tunet, med program for barn, forteljekveld og konsert. 

Billett til forteljekveld med Finn Tokvam og Ingrid Nedrebø:

Medlem i Jakob Sande-selskapet: 250,.

Ikkje medlem i Jakob Sande-selskapet: 300,-

Student: 200,-

Billett til forteljekveld med Finn Tokvam og Ingrid Nedrebø OG konsert med Synneva Gjelland og band:

Medlem i Jakob Sande-selskapet: 350,-

Ikkje medlem i Jakob Sande-selskapet: 400,-

Student: 300,-

 

Kalender

Kva skjer hos oss?

7. november 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Laurdagsopen bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset.

7. november 12:00

Manuslesing av Liminal

Paula Ramos er i residens i Sandesenteret. Laurdag les Paula, i samarbeid med fleire, høgt frå eit manus til eit teaterstykke ho har arbeidd med under opphaldet.

9. november 19:00

Kvinna – ein Jakob Sande-diktkonsert

«Kvinna» markerer opninga på Jakob Sande-minifestival som finn stad i Nynorskens hus, Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret 9.-10. november 2026. Arrangørar er Jakob Sande - senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, Den Mangfaldig Scenen, BUL, Vikværingen og Samlagsrota.