Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Det gamle skulehuset opna i ny form juni 2021, som ein inngangsport til Jakob Sande-senter for forteljekunst. Det har utvikla seg til å bli ein møteplass, kafè, krambu og bokhandel, som held ope kvar laurdag gjennom heile året og kvar dag i sommarsesongen.
I skulehuset finn du alt frå Sandesenteret sin eigen produksjon, med koppar frå Figgjo, duk og handkle frå Ekelund, notatbøker, t-skjorter og handlenett, til aktuell litteratur, i hovudsak på nynorsk.
Sandesenteret sin eigen bokhandel, krambu og møteplass ope laurdagar 11-14. Enkel kafè og eit utval nye bøker og ymse frå eigen produksjon.
Sommarakademiet er for alle som ønskjer utvikle evnene sine til å lytte, til dialog, til å fortelje, til å skrive, samhandle og skape. Alle utøvarane er aktivt deltakande i føredrag, kurs, praktisk arbeid og kvar einskild får utvikle sine evner munnleg og skriftleg.
Set av helga 14.-16. august 2026. Då vert det atter ein gong Fest i Fjaler.