Synneva Gjelland med band legg meining bak kvar tone, og saman har dei ein energi og formidlingsevne som kan treffe publikum midt i magen. Med folkemusikken i botnen er låtane litt som å kome heim til noko kjend, utan at ein veit heilt kva som kjem rundt neste sving. Dei vil ut med musikken og tekstane, med speleglede og eit ynskje om å fortelje fleire om Halldis Moren Vesaas og hennar sterke dikting.
Synneva Gjelland sjølv kjem frå visesjangeren, men med ein god dose folkemusikk i både morsmjølk, nisteboksen og heimabrygget er det i folketonane ho kjenner seg heime.
Etter skulering i viser og folkemusikk på Rauland og i Sverige, har ho vendt tilbake til gardslivet med fela på ryggen og songane på lur. Med seg har ho Svein Laingen Kjerland, ein “young and promising” folkemusikar frå Granvin i Hardanger, Johanna Seim som kom frå Berlin til Rauland for å spele norsk folkemusikk, og Pål Jørgen Volan som omsider bytta ut bossa nova med rudl og springar.
SYNNEVA GJELLAND - Sang, piano, gitar & komposisjon
SVEIN LAINGEN KJERLAND - Fele
JOHANNA SEIM - Hardingfeler
PÅL JØRGEN GJELLAND - Kontrabass
Konserten vert i Løa nede.
Hausten 1929 debuterte to unge lyrikarar. Jakob Sande hadde endå ikkje fylt 23 år. Halldis Moren var 21. «Du ser meg i augo» heiter eit dikt i debutsamlinga til Halldis «Harpe og dolk». «Eg ser inn i augo dine» heiter eit dikt i debutsamlinga til Jakob «Svarte næter». Slik vart det. Dei såg kvarandre i augo, Halldis og Jakob, den hausten. Mange kjærleiksbrev seinare skriv han til henne frå Buenos Aires i 1933: «Hadde eg berre vore so pass kar i 1929 som no, so skulde mangt ha blitt onnorleis.»
Konserten er ein del av markeringa av Jakob Sande sin 120årsdag 1. desember.
Billett kun konsert:
Medlem i Jakob Sande-selskapet: 200,-
Ikkje medlem i Jakob Sande-selskapet: 250,-
Student: 150,-
Billett til forteljekveld med Finn Tokvam og Ingrid Nedrebø OG konsert med Synneva Gjelland og band:
Medlem i Jakob Sande-selskapet: 350,-
Ikkje medlem i Jakob Sande-selskapet: 400,-
Student: 300,-
Laurdagsopen bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset.
Paula Ramos er i residens i Sandesenteret. Laurdag les Paula, i samarbeid med fleire, høgt frå eit manus til eit teaterstykke ho har arbeidd med under opphaldet.
«Kvinna» markerer opninga på Jakob Sande-minifestival som finn stad i Nynorskens hus, Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret 9.-10. november 2026. Arrangørar er Jakob Sande - senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, Den Mangfaldig Scenen, BUL, Vikværingen og Samlagsrota.