Forteljestund med Rolf Magne: Kokosbananas og juletyven

Ta med borna på forteljestund med Fjalers eigne forteljekunstnar Rolf Magne G. Andersen!

1. desember, 17:00

Rolf Magne G. Andersen gir oss julestemning med Kokosbananas 1. desember. Foto: Ihne Pedersen

På Diktardagen 1. desember kjem forfattaren bak Kokosbananas-universet for å gi oss julestemning med oppfinnar-vri. 

Det er desember og Kokosbananas gler seg skikkeleg til jul! Han har funne fram julegensaren sin og er klar for alle juleførbuingane som familien gjer saman kvart einaste år. Dei skal bake peparkaker, pynte huset, sjå julefilmar og kose seg. Det er riktignok litt rart at Pappa Kokos har laga kalendar med pappavitsar i staden for pakkekalendar, men det er noko endå rarare som går føre seg. For kven er det som flyttar på ting i oppfinnarskuret? Kvifor er det ugjenkjennelege spor i snøen utanfor huset? Og kvifor har Kokosbananas ei merkeleg kjensle av at nokon følgjer med på han?

Kokosbananas og juletyven er illustrert av Victoria H. Hamre, og passar for heile familien.

Vi byr på peparkaker og saft. Velkomen til Lokalet i Gamle kommunehuset. 

  1. desember er det 120 år sidan Jakob Sande blei fødd. Sandesenteret markerer dagen med Forteljestund med Rolf Magne, talkshow med Ingrid Nedrebø og Finn Tokvam og konsert med Synneva Gjelland som syng Halldis Moren Vesaas. 
Kalender

Kva skjer hos oss?

7. november 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Laurdagsopen bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset.

7. november 12:00

Manuslesing av Liminal

Paula Ramos er i residens i Sandesenteret. Laurdag les Paula, i samarbeid med fleire, høgt frå eit manus til eit teaterstykke ho har arbeidd med under opphaldet.

9. november 19:00

Kvinna – ein Jakob Sande-diktkonsert

«Kvinna» markerer opninga på Jakob Sande-minifestival som finn stad i Nynorskens hus, Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret 9.-10. november 2026. Arrangørar er Jakob Sande - senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, Den Mangfaldig Scenen, BUL, Vikværingen og Samlagsrota.