Juleope i skulehuset

Juleope i skulehuset med sal av eigne produkt, litteratur og open kafé. Velkomen!

12. desember, 11:00 – 14:00

Juleope i skulehuset med sal av eigne produkt og aktuell litteratur.

Her finn du mellom anna den nye forteljekoppen, notatbøker, t-skjorter, tidsskrift og bøker.

Det blir sal av gløgg og vaflar.

Velkomen til oss i Jakob Sandes veg 10!

Kalender

Kva skjer hos oss?

7. november 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Laurdagsopen bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset.

7. november 12:00

Manuslesing av Liminal

Paula Ramos er i residens i Sandesenteret. Laurdag les Paula, i samarbeid med fleire, høgt frå eit manus til eit teaterstykke ho har arbeidd med under opphaldet.

9. november 19:00

Kvinna – ein Jakob Sande-diktkonsert

«Kvinna» markerer opninga på Jakob Sande-minifestival som finn stad i Nynorskens hus, Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret 9.-10. november 2026. Arrangørar er Jakob Sande - senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, Den Mangfaldig Scenen, BUL, Vikværingen og Samlagsrota.