Laurdagsope i bokhandelen, krambua og kafeen i det gamle skulehuset.
Det gamle skulehuset opna i ny form juni 2021, som ein inngangsport til Jakob Sande-senter for forteljekunst. Det har utvikla seg til å bli ein møteplass, kafè, krambu og bokhandel, som held ope kvar laurdag gjennom heile året og kvar dag i sommarsesongen.
I skulehuset finn du alt frå Sandesenteret sin eigen produksjon, med koppar frå Figgjo, duk og handkle frå Ekelund, notatbøker, t-skjorter og handlenett, til aktuell litteratur, i hovudsak på nynorsk.
Vil du møte andre som skriv og utvikle di stemme på norsk? Har du forteljingar eller erfaringar å dele, men treng råd og inspirasjon for å finne ei litterær stemme i det norske språket? Bli med på gratis skriveverkstad for deltakarar som ikkje har norsk som morsmål.
Dette er kvelden der songglade menneske møtest og syng saman, uansett nivå og erfaring!
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.