I dette sommarprogrammet møter vi Arill Riise, som vil fortelje om oppvekst og hendingar i klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden.
Fredag 18. juli viser Marius Kolbenstvedt utdrag frå Mistekunst – ein scenisk monolog basert på møte med palestinsk poesi og personlege tapserfaringar. I Mistekunst vever han saman eigne livskriser med stemmer frå palestinske dikt – ei poetisk og politisk forteljing om avhumanisering, håp og kunsten å sleppe taket.
På 1700- og 1800-talet reiste fleire kvinner frå Sunnfjord til Bergen for å tene som ammer for velståande familiar. Kva fekk gifte koner til å forlate eigne barn, og korleis reagerte samfunnet? Dette har Kristine Ness ved Sunnfjord Museum forska på, med utgangspunkt i livet til husmannskona Marte Movik. Onsdag 30. juli kl. 18 held ho føredrag om temaet i Løa i Sandesenteret, der det òg vert høve til samtale etterpå.
I kalenderen får du oversyn over kva som skjer i Jakob Sande - senter for forteljekunst framover.
Forteljing er sjølve kjernen i kven vi er – som individ og kultur. Gjennom forteljekunst finn vi måtar å forstå kvarandre og oss sjølve på. I Dale i Sunnfjord har Noreg fått sitt nasjonale senter for forteljekunst, ei naudsynt satsing i ei tid der fellesskap og menneskeleg nærvær er utfordra.
Våre sommarvertar ønskjer velkomne i Jakob Sande-tunet gjennom heile sommaren. Dei held ope i Gamle skulehuset og i tunet tysdag-sundag 11-16, og held omvisingar i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor tysdag-fredag kl.13.
Den folkekjære forteljekunstnaren og skodespelaren Jon Eikemo har gått bort. Vi vil særleg hugse han for hans store engasjement for Jakob Sande si dikting, som han bar fram med kraft, klokskap og varme.