Om Jakob Sande - senter for forteljekunst

Foto: David Zadig

Formåla til Jakob Sande – senter for forteljekunst er:

  • å  vere eit nasjonalt senter med fagmiljø innom munnleg og skriftleg forteljekunst.
  • å skapa samarbeid mellom folk og miljø som har forteljing som kjerne i verksemda si.
  • å få fram nye forteljingar og røyster
  • og i dette perspektivet å forvalta, forska i og formidla arven etter diktaren Jakob Sande. 

Sandesenteret skal bidra til at fleire får eigarskap til nynorsk språk og kultur, og jobbar for at folk på tvers av bakgrunnar og generasjonar skal finne fram til sitt språk og uttrykk. Senteret forvaltar ein vesentleg del av den immaterielle kulturarven i Noreg. 

Gjennom den faglege satstinga "Då Daniel drog", arbeider senteret med å bygge opp eit nasjonalt fagmiljø for skriftleg og munnleg forteljekunst. Vi har eit breitt tilbod for publikum, erfarne og nye skrivande og skapande, for barn og ungdom, og for næringsliv og kulturliv. 

Hos oss kan du mellom anna:

  • delta på ei rekkje ulike arrangement
  • søkje opphald i diktarresidensen i barndomsheimen til Jakob Sande
  • utvikle evnene dine innom tmunnleg og skriftleg forteljekunst
  • oppleve musikk og forteljing under Fest i Fjaler
  • leige lokale til private arrangement
  • besøke bokhandelen og krambua i Gamle skulehuset
  • lære om Jakob Sande sitt liv og dikting i museet i Bestefarstaua eller på omvising i Klokkargarden. Du kan også få omvising i Nikka Vonens fotspor.
  • få skreddarsydde opplegg for barnehagar, skuleelevar eller studentar
  • lese Tidsskriftet Jaja om og med forteljekunst
  • delta på det tradisjonsrike og faglege Sandeseminaret

I tillegg har vi produksjonar, utstillingar, komposisjonar og samarbeid med forskingsmiljø. 

Ta kontakt om du vil samarbeide med oss. 

Skriftleg og munnleg forteljekunst

Verksemda til senteret omfattar både den munnlege og skriftlege forteljekunsten: 1) den litterære forteljekunsten som er nedfelt i litteraturen, og 2) den munnlege forteljekunsten som får eit munnleg uttrykk i ein formidlingssituasjon «der og då». 

Desse to forteljekunstformene har forskjellige kjenneteikn og former, og forskjellig kontekstuell og sosial funksjon, men dei byggjer i all hovudsak på det same grunnlaget: den «folkelege» forteljetradisjon. 

Historia

Jakob Sande - senter for forteljekunst opna i august 2020, med formål om å forvalte og forske i arven etter forfattar Jakob Sande, bygge opp fagmiljø for forteljekunst nasjonalt og arbeide for å få fram eit mangfald av nye røyster. 

Senteret bygger på det mangeårige arbeidet til Jakob Sande-selskapet, ein frivillig organisasjon som sidan 1991 har arbeidd for å ta vare på og fremje Sande si dikting. Senteret byggjer òg på ambisjonar frå lokale, regionale og nasjonale politikarar om å etablere det første nasjonale senteret for forteljekunst. 

Senteret ligg i barndomsheimen til den folkekjære diktaren Jakob Sande, i Klokkargarden i Fjaler, men har nasjonalt og til dels også internasjonalt verkeområde.

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. - 18.
mars
10:00 – 17:30

Sandeseminaret 2026: Forteljekunst i skule, arbeid og liv

I 2026 inviterer vi aktørar frå skule, arbeidsliv, kunst og kultur til eit fagleg seminar om forteljekunst i skule arbeidsliv og liv. Ei av satsingane våre er eit eige programfag om forteljekunst i vidaregåande skule. På seminaret vil vi drøfte og utforske behovet og vilkåra for forteljing og forteljekunst i skule, arbeidsliv og liv, gjennom foredrag, panelsamtalar, dialog og forteljekunst.

23. - 26.
juni
17:17

Forteljekunstakademiet

Forteljekunstakademiet er for alle som ønskjer utvikle evnene sine til å lytte, til dialog, til å fortelje, til å skrive, samhandle og skape. Alle utøvarane er aktivt deltakande i føredrag, kurs, praktisk arbeid og kvar einskild får utvikle sine evner munnleg og skriftleg.

7. - 9.
august
17:17

Fest i Fjaler 2026

Set av helga 7.-9. august 2026. Då vert det atter ein gong Fest i Fjaler.