Allsong og haustpub i Løa

Hanne-Margrethe Heia Dybvik og Øyvind Rye Dybvik inviterer til allsong og haustpub i Løa i Jakob Sande-senteret. Velkomen til eit arrangement med musikk, fellesskap og god stemning.

21. november, 20:00 – 00:00

Velkomen til allsong og haustpub i Løa. 
Dette er kvelden der songglade mennesker møtast og syng saman, uansett nivå og erfaring.
I løpet av kvelden lagar vi magi saman, leda av dirigent og akkompagnert av dyktig gitarist.
Det einaste du treng å ta med deg er songgleda og den stemma du har.

Velkomen til eit arrangement fylt med musikk, fellesskap og god stemning!
Dørene opnar kl 20, songstart kl 21. 


Billett kr 100,- betalast med Vipps når du kjem.

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.