Lansering av bok og kopp

Denne laurdagen lanserast både Anna Schmideder si bok "Gain what we lost" og Sandesenteret sin nyaste kopp skapt av Eva Meier. Begge to fortel om industrihistorie og korleis vi kan ta vare på kunnskap og forteljing.

29.
november
12:00 – 13:00

Vinteren 2024 var Anna Schmideder i residens i Jakob Sande-senteret. Våren 24 var ho i residens på NKD.  Under opphalda arbeidde ho i krysningsfeltet mellom design, handverk og kunst. Ho fordjupa seg i historie og landskap her i Fjaler og vart særleg oppteken av gamle tradisjonshandverksteknikkar og korleis vi kan bruke desse teknikkane inn i innovative løysingar for framtida. Under opphalda vart Anna kjend med fleire lokale personar som alle har mykje kunnskap om særleg bøkker-verksemd langs Dalsfjorden. Gjennom samtalar, utforsking og utprøving, danna Anna eit unikt blikk på noko som har vore, men som det no berre står restar att etter. Det heile har munna ut i ei bok, som Anna no kjem tilbake til Fjaler for å lansere. Boka har fått tittelen "Gain what we lost", og rommar både intervju, foto, poesi, refleksjonar og gir eit levande bilete av noko som har vore og som framleis kan bli. 

Anna er utdanna snikkarmeister i Tyskland med bachelor i handverksdesign, samt ein master i rom- og møbeldesign ved KMD i Bergen. Ho er deltidstilsett i snikkarverkstaden ved DNS i Bergen, i tillegg til å vidareutvikle eigen designpraksis for møbel og konseptuelt design. Anna jobbar i krysningsfeltet mellom design, handverk og kunst, og syntes det er viktig i vår digitale verd å oppretthalde ekte dialog og direkte kontakt med ulike materiale. 

Eva Meier er kunstnaren bak dei vakre illustrasjonane på produkta og alt materiell ved Sandesenteret. Ho har utdanning frå Utrecht School of the Arts i Nederland, der ho studerte illustrasjon. Eva har alltid uttrykt seg gjennom teikning og har ein lidenskap for å skildre samanhengar gjennom streken sin. Med eit særeige blikk for visuell forteljing formidlar ho historier som tilfører kvart kunstverk ein ekstra dimensjon. 

No har Eva tatt forteljingar om gründera i Fjaler og industrien langs Dalsfjorden og omskapt det heile til eit nytt kunstverk som Figgjo no trykker på den heilt nye koppen til Sandesenteret. Koppen fortel om personar som har tenkt store tankar, om fabrikk-liv og hendingar langs Dalsfjorden. 

Bok og kopp snakkar saman og denne laurdagen kan du møte kunstnarane bak verka. 

Stad: Gamle skulehuset, Jakob Sandes veg 10.

Gratis inngang. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

17.
januar
12:00

Færøysk poesi i omsetjing

Jógvan Helge Gardar er i residens i Sandesenteret. På laurdag møter du Gardar i skulehuset der han les dikt han har omsett frå færøysk til nynorsk og serverer bingokaker!

24.
januar
19:30

Ceilidh på Samvirket

Markering av fødedagen til Robert Burns, Skottlands nasjonaldiktar, med ein ceilidh, ein tradisjonell skotsk festkveld med musikk, dans, allsong og sosialt samvær på Samvirket.

17.
mars
10:00 – 17:30

Sandeseminaret 2026: Forteljekunst i skule, arbeid og liv

I 2026 inviterer vi aktørar frå skule, arbeidsliv, kunst og kultur til eit fagleg seminar om forteljekunst i skule arbeidsliv og liv. Ei av satsingane våre er eit eige programfag om forteljekunst i vidaregåande skule. På seminaret vil vi drøfte og utforske behovet og vilkåra for forteljing og forteljekunst i skule, arbeidsliv og liv, gjennom foredrag, panelsamtalar, dialog og forteljekunst.