Jakob Sande – senter for forteljekunst er eit nasjonalt senter for munnleg og skriftleg forteljekunst.

Bli kjent med oss og våre tilbod

Kalender

Kva skjer hos oss?

8. april 19:00

Lansering av Grasboka

Onsdag 8. april vert det lansering av Siri Helle si nye bok, Grasboka. Møt Siri Helle i samtale med Torkil Sandsund og Åsmund Kvifte i Løa kl. 19.

10. april 19:30

Allsong i Løa

Velkomen til ein kveld fylt med musikk, fellesskap og god stemning i Løa. Ta med songgleda og bli med!

12. - 14. august 09:00 – 14:00

Sommarakademi i munnleg og skriftleg forteljekunst

Sommarakademiet er for alle som ønskjer utvikle evnene sine til å lytte, til dialog, til å fortelje, til å skrive, samhandle og skape. Alle utøvarane er aktivt deltakande i føredrag, kurs, praktisk arbeid og kvar einskild får utvikle sine evner munnleg og skriftleg.

Arkiv

Aktuelt frå Sandesenteret

God påske frå Jakob Sande-senter for forteljekunst

Med diktet “Salme” ønskjer vi ei god påske. Diktet vart fyrst publisert i diktsamlinga Storm frå vest i 1931. Salmen er ei bøn til Jesus, med referanse til skjærtorsdagsnatta i Getsemane og korsfestinga langfredag.

Vekas dikt: GJENTA

Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er "Gjenta".

Langt inn i bergi blåe, der sylverskogen gror,

det glitrar i dyre steinar og lyser av perlemor.

 

Her er ikkje haust og vetter, her er ikkje natt og dag,

og stilt i ljose draumer går sus av båreslag.

 

Om Jakob Sande