I mars samla vi folk og miljø med forteljing som kjerne i si verksemd til Sandeseminaret. Høgt på agendaen stod eit eige programfag i skapande skriving og forteljekunst i vidaregåande skule.
Elevar frå vidaregåande skule og deltakarar frå kultur, skule, næringsliv og akademia var med då Jakob Sande - senter for forteljekunst inviterte til seminar om forteljekunst i skule, arbeid og liv.
Under Sandeseminaret løfta vi behovet for at elevar i vidaregåande skule skal få utvikle sine evner til skapande skriving og munnleg forteljing.
I tett samarbeid med Dale vidaregåande skule jobbar Sandesenteret for å fremje forteljekunst i vidaregåande opplæring, gjennom eit nytt programfag i skapande skriving og forteljekunst.
Etter fagfornyinga vektlegg norskfaget i studieførebuande program i større grad skriving i akademiske sjangrar, fagspråk og munnleg presentasjon av fagstoff, medan skapande skriving og munnleg forteljing har liten plass i undervisninga.
Eit eige programfag i skapande skriving og munnleg forteljekunst vil fylle dette tomrommet. På Sandeseminaret fortalde assisterande rektor ved Dale vidaregåande skule Tor Egil Furevikstrand om faget, som har mål om å utvikle språksansen, kulturforståinga og elevane sin identitet som skribentar og forteljarar. Furevikstrand har leia arbeidsgruppa som har laga eit framlegg til læreplan for faget, med Jonas Bakken, Kjersti Solbu Rognes, Anna Kleiva og Øystein Vestre som medlemmar.
Under Sandeseminaret ynskte vi ein klasse frå Dale vgs velkomen til å prøve seg i skapande skriving og forteljekunst. Dei deltok på kurs i munnleg forteljing med Irene Kinunda Afriyie og skrivekurs med Anna Kleiva. Seminardeltakarane fekk etterpå høyre om metodane kurshaldarane hadde nytta. Kleiva peika mellom anna på at eit programfag i skulen vil gi høve til å arbeide med skriving over tid, til skilnad frå korte, intensive skrivekurs.
Og ikkje minst tok Åsmund Berthelsen (SV), som er leiar for Hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, til orde for eit auka fokus på forteljing og forteljekunst i vidaregåande skule under seminaret.
Medan elevane var på kurs i Gamle skulehuset og Studio Nova, tok dagleg leiar for Sandesenteret Rakel C. W. Solheim imot seminardeltakarane i Løa.
Til å drøfte kva rolle forteljekunst speler i arbeidslivet og kva kompetanse elevane treng for framtida, stilte eit panel med bakgrunn frå journalistikk, kommunikasjon og næringsliv.
Dagleg leiar i NRK Nynorsk mediesenter Rune Fossum Lillesvangstu møtte direktør for kommunikasjon og samfunn i Sparebank1 Sogn og Fjordane Johanne Viken Sandnes og regiondirektør for Innovasjon Noreg Vestland Ingar Valvik.
Furevikstrand frå Dale vgs leia panelet i ein engasjert samtale, der fleire av panelistane peika på at god og sannferdig historieforteljing er avgjerande for samfunnsbygging og tillit. Mellom anna streka Lillesvangstu under at god journalistikk aldri kan velje mellom den gode forteljinga og sanninga, men må meistre begge deler.
Frå samtalen var det tydeleg at behovet for framtidige arbeidstakarar med godt språk og gode formidlingsevner berre aukar.
I den nyaste utgåva av Tidsskriftet Jaja skriv Jakob Sande-biograf Ove Eide om korleis Sande blant anna fann stoff til tekstane sine i den munnlege forteljekulturen. Denne femner om eit mangfald av former, skriv Eide, som råkande replikkar, vitsar, rykte, vandrehistorier, segner, eventyr, minneforteljingar, anekdotar, skrøner. I same utgåve skriv Håvard Parr om kvardagsforteljingane som omgir oss, utan at vi tenker over dei.
Som eit senter for munnleg og skriftleg forteljekunst vil Sandesenteret fremje forteljekunsten i alle sine former, også den som ikkje finn stad på ei scene. Sjur Haugen har difor snikra den flotte Lygarbenken kring det majestetiske tuntreet i Klokkargarden, til ære for kvardagsforteljingane.
Lygarbenken vart avduka av ordførar Leif Jarle Espedal. Bjørn Enes frå Memoar, forteljar Neha Verma og direktør for Nordisk kunstnarsenter Dale Kira Van Hoegee innvia benken, som no står og ventar på store og små forteljarar i tunet.
Sigrid Hoddevik Losnegård er leiar for Natur og ungdom og ein tydeleg meiningsbærar og aktivist for naturen. Det var fullt og fint i Løa når ungdommane frå Dale vgs og øvrige seminardeltakarar alle var inviterte til å lytte til Losnegård, som fortalde om korleis saka om dumping av gruveavfall i Førdefjorden gjorde at ho fann og tok i bruk stemma si. Natur og ungdom-leiaren fenga publikum med sitt innlegg om kvifor det nyttar å kjempe for det ein trur på.
Så byta elevane plass med pedagogar frå Dingemoen skule, som møtte opp for å høyre på samtalen mellom forteljar og forfattar Irene Kinunda Afriyie og kulturantropolog Dubie Toa-Kwapong. Guro Gjøsdal frå Nynorsksenteret leia samtalen om munnleg forteljekunst og korleis skulen kan lage rom for ulike uttrykk og forteljestilar.
Panelistane løfta mellom anna fram at det finst ulike narrative strukturar og forteljemåtar, som lærarar og andre som skal arbeide med barn kan ha nytte av å kjenne til. I mange kulturar er til dømes sirkulære strukturar vanlegare enn ein lineær struktur med innleiing, hovuddel og slutt. Samspelet mellom forteljar og tilhøyrarar varierer også, frå forteljekulturar der skiljet mellom forteljar og publikum er tydeleg, til tradisjonar der publikum tek aktivt del i å fortelje med svar, rop og song.
For å markere at denne digitale utgåva er i gang, inviterte vi til kveldsprogram i Løa. Det sterke lydmiljøet i Fjaler fortalde oss om korleis dei jobbar for å lage gode lydforteljingar, representert ved Kokosbananas-skapar Rolf Magne Golten Andersen og lydprodusent Viljar Losnegård i samtale med redaktør Tora Hope.
Siri Helle framførde forteljinga Alle bør ein gong følge ein geiteflokk i fjellet, som du kan lytte til her. Dubie Toa-Kwapong fortalde om munnleg forteljing som svart-atlantisk kultur, før ho saman med musikarane Sturle Sandvik og John Trygve Mulhearn Evensen gjorde Løa om til juke joint med blueslåta I lied to you.
Deretter inntok forfattar Anna Kleiva scena og las frå si nyaste bok Triks. I dikta vrengjer ho på det kapitalistiske språket, og skapar om stemmer frå reklamar og sosiale medium. Kvelden vart avslutta av Guro Gjøsdal og Maja Skogstad frå Høgskulen i Volda, som song saman med Sandvik og Evensen.
Andre dag på Sandeseminaret dreidde seg om moglegheiter og utfordringar knytt til samarbeid med akademiske miljø om forsking på forteljekunst, kva som er relevante fagfelt og forskingsspørsmål knytt til skriftleg og munnleg forteljekunst, metodar for å forske på forteljekunst og moglegheiter for arbeidet vidare med eit programfag i vidaregåande skule.
Ei variert gruppe innleiarar tok mellom anna føre seg spørsmål knytt til korleis samarbeid med akademiske institusjonar kan ta form og kva forskingsspørsmål og tema som kan vere interessante å arbeide vidare med. Vi fekk høyre om forskingsprosjekt på barns forteljingar, om forteljekunstens etikk, og korleis programfaget ser ut frå ein norsklærar sitt perspektiv.
Innleiarane var:
Vi takkar alle deltakarane for verdifulle bidrag i drøftingane, og ser fram til vidare samarbeid for å fremje den munnlege og skriftlege forteljekunsten.
Med diktet “Salme” ønskjer vi ei god påske. Diktet vart fyrst publisert i diktsamlinga Storm frå vest i 1931. Salmen er ei bøn til Jesus, med referanse til skjærtorsdagsnatta i Getsemane og korsfestinga langfredag.