I residens

Elida Karo er i residens i Jakob Sande sin barndomsheim i Klokkargarden.

07.04.2026

Elida Karo (1999) er forfattar og utdanna journalist frå Oslo. Ho har erfaring frå media som Aftenposten, Klassekampen og NRK, og er no frilansjournalist. Ho har og gått Forfatterstudiet i Bø. 

Hausten 2025 debuterte ho skjønnlitterært med romanen «Og forresten heter jeg Leah» på Aschehoug forlag. Det er ein roman om relasjonar som går i arv, one night stands og oppvekst. Og om kjærleik og seksualitet i eit klasseperspektiv. 

Ho heiter forresten eigentleg Ingrid Elida Karo Johansen, men det var for langt namn for ein bokrygg. 

I residens skriv ho på sin andre roman, som ifølge ho sjølv, blir noko ganske annleis enn debuten. 

Under opphaldet inviterer Elida til eit arrangement, så følg med!

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.