God påske frå Jakob Sande-senter for forteljekunst

Med diktet “Salme” ønskjer vi ei god påske. Diktet vart fyrst publisert i diktsamlinga Storm frå vest i 1931. Salmen er ei bøn til Jesus, med referanse til skjærtorsdagsnatta i Getsemane og korsfestinga langfredag.

30.03.2026

Akvarell til diktet av Anne Borgen Hiorth

Salme


Du som låg i natti seine
sorgtung, vanvyrd og åleine,
skjelvande på såre kne,
du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde,
stridsmann frå Getsemane!


Du som spotta vart og banna,
krynt med klungerkrans um panna
medan augo brann i sorg,
du som stod i namnlaus pine,
skild frå dei du kalla dine,
einsam i Pilati borg.


Du som hekk til krossen nagla
medan blodut sveitte hagla
frå di panne då du sa:
“Fader, kvifor gjekk du frå meg?”
Å, lat nådens blodstraum nå meg,
offerlamb frå Golgata!


Lær mi sjel kor du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender,
so eg frelst mitt auga vender
upp til deg på krossen, du. 


J.Sande

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

1,5 ekstra million til Jakob Sande – senter for forteljekunst på Statsbudsjettet!

I budsjettavtalen mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt ligg 1,5 millionar ekstra til Sandesenteret, og satsingar på fleire viktige kulturinstitusjonar.

Ivar Nygaard er i residens

Forteljar, kulturhistorikar og biletkunstnar i residens i Jakob Sande-tunet.

Stor pågang til residensordninga – 89 søkarar vil skape i Jakob Sande sin barndomsheim

Blant søkarane finn vi både etablerte forfattarar, ferske skribentar, kunstnarar og internasjonale aktørar. I år har vi særleg oppmoda studentar til å søke, og det er gledeleg å sjå at fleire har gripe denne moglegheita.