Forfattarmøte i skulehuset

Nyt ein kaffi i det gamle skulehuset medan forfattar Elida Karo les nyskrivne tekstar frå tida si i residens.

18. april, 13:00 – 13:45

Nyt ein kaffi i det gamle skulehuset medan forfattar Elida Karo les nyskrivne tekstar frå tida si i residens. Her har ho arbeidd med sitt andre romanprosjekt, ein roman om generasjonstraume, krig og oppvekst. Det høyrest ganske dystert ut, ho innrømmer det, men også i mørkret finst det lys, og forfattaren lovar å finne fram til nokre lysglimt for oss, på ein vårdag som denne. 

Elida Karo (1999) er forfattar og utdanna journalist frå Oslo. Ho har erfaring frå media som Aftenposten, Klassekampen og NRK, og er no frilansjournalist. Ho har og gått Forfatterstudiet i Bø. 

Hausten 2025 debuterte ho skjønnlitterært med romanen "Og forresten heter jeg Leah" på Aschehoug forlag. Det er ein roman om relasjonar som går i arv, one night stands og oppvekst. Og om kjærleik og seksualitet i eit klasseperspektiv. 

Programmet er ein del av Vårdag i Dale der det vert opne hus i alle husa på Tusenårsstaden frå kl. 11-14. Kringebua held open kafè, så du kan kjøpe med deg ein bolle og kaffi. 

Gratis inngong. 

Velkomen!

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.