I budsjettavtalen mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt ligg 1,5 millionar ekstra til Sandesenteret, og satsingar på fleire viktige kulturinstitusjonar.
– Eg er jublande glad for at politikarane vil satse på eit sterkt nasjonalt senter for skriftleg og munnleg forteljekunst, seier dagleg leiar i Sandesenteret Rakel C. W. Solheim.
Ho rettar ein stor takk til partia for å løfte Jakob Sande – senter for forteljekunst i avtalen. Dette hadde heller ikkje vore mogleg utan uvurderleg støtte frå Fjaler kommune, Sparebankstiftinga Fjaler og Vestland fylkeskommune.
– Munnleg og skriftleg forteljekunst er limet i samfunnet, og er meir aktuelt enn nokon gong når kunstig intelligens, digitalisering og polarisering trugar demokrati og fellesskap. Dette er eit stort steg i satsinga på eit sterkt hovudsete for forteljekunsten som immateriell kulturarv, og ein heim for forfattarar og forteljarar frå heile landet. Og ikkje minst går dei til å forvalte og formidle arven etter Jakob Sande og det nynorske språket, seier Solheim.
– Det er også gledeleg å sjå at andre viktige institusjonar for kultur og nynorsk som, Litteraturbåten Epos og Noregs Mållag, vert løfta i budsjettavtalen, seier Solheim.
Vi kryssar fingrane for fleirtal for budsjettet!
Forteljar, kulturhistorikar og biletkunstnar i residens i Jakob Sande-tunet.
Blant søkarane finn vi både etablerte forfattarar, ferske skribentar, kunstnarar og internasjonale aktørar. I år har vi særleg oppmoda studentar til å søke, og det er gledeleg å sjå at fleire har gripe denne moglegheita.
Jakob Sande-minifestivalen samla eit stort publikum i Oslo då 120-årsjubileet for diktaren vart markert. Med "Kvinna" som årets tema utforska festivalen nye perspektiv og løfta fram nye stemmer, inspirerte av Sande si dikting og den litterære arven etter han.