Onsdag 8. april vert det lansering av Siri Helle si nye bok, Grasboka. Møte Siri Helle i samtale med Torkil Sandsund og Åsmund Kvifte i Løa kl. 19.
Velkomen til ein kveld fylt med musikk, fellesskap og god stemning i Løa. Ta med songgleda og bli med!
Sommarakademiet er for alle som ønskjer utvikle evnene sine til å lytte, til dialog, til å fortelje, til å skrive, samhandle og skape. Alle utøvarane er aktivt deltakande i føredrag, kurs, praktisk arbeid og kvar einskild får utvikle sine evner munnleg og skriftleg.
"Fins ikke like i dette landet! Parapoetica er et overskuddsfenomen – i tankekraft, omfang, topografi og forbindelser. Den er blitt så utrolig fin og god å holde i, bla i, fordype seg i og glede seg over. Kvalitet på alle plan!" – Torild Wardenær
Den vesle boka "Samspel" samlar dikt av Kjersti Wøien Håland og papirkunst av Eva Meier. Boka er inspirert av fjorårets tema Samspel og er no til sals i Gamle skulehuset.
Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Først ut er "Sovande kvinne".
Den fyrste som kjem er staren,
og høgt i sitt fuglebur
sit staremora og -faren
med takk og pris etter tur.
– Nei, høyr – kviskrar fuglekongen
ein dag ut i mars ein gong
– eg kjenner lerka på songen,
nei, høyr på lerka sin song! –
På åkeren trufast trippar
eit kvitrande erlepar,
og brødet bak plogen nippar
i bonden sitt fotefar.
Mot kvelden i solfallsglansen
sviv svala i bryllopsdans.
Med himmelskrift trør ho i dansen
mot kveld i solfallsgland.
Til slutt er det kanskje greiast
å gå til ein gaukemann,
for det som til slutt skal seiast
gjer ingen betre enn han.