Vekas dikt: Stubb

Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting og deler eit nytt dikt kvar veke. Denne vekas dikt er "Stubb".

22.05.2026

STUBB

Eg vil gifte meg med Brita i Bu

som har bruksrett til Britebu plass,

 og har verpande høns og ei ku,

 og ei dunseng med dubbel madrass. 

Og forsona med livet og lat, 

skal eg dra meg på dunstoppa bol, 

og få heimekokt britebumat, 

til eg skin som ei nysprotta sol. 

 

Nei, eg vil gifte meg med Lisa i Li, 

som har krambu med snop i kvar krå, 

og har part i eit stort bakeri, 

fullt av kringler med strøsukker på. 

Og forproppa i magen og stinn, 

skal eg sitje i krambua støtt, 

og ta for meg som likast eg vinn 

utav alt som er suligt og søtt. 

 

Nei, eg vil gifte meg med Dorta i Deld, 

som har strikkemaskin og gitar, 

og syng Songen om Sion kvar kveld, 

og er mor til ein gut utan far. 

Og til tonar av åndelegt spel 

skal eg strekke meg. stokkande stiv, 

og klarere mi syndige sjel 

for det sokalla kommande liv. 

 

Nei, vil gifte meg med alle ihop, 

og gå klar både hunger og frost, 

leve gratis på kringler og snop, 

og på heimekokt britebukost,

få meg sokkar av seigaste sort, 

og på kjøpet bli reinspikka far, 

for til slutt å gå lukkeleg bort 

etter tonar av Dortas gitar.

 

Jakob Sande

Frå samlinga Villskog frå 1936

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.