Aftenlandet kjem til Fest i Fjaler laurdag 15. august med melodisk visepop, nynorske tekstar av Jakob Sande og kjende låtar som «Du», «Hymne» og «Morgon i mai».
Aftenlandet spelar i Fjaler, og publikum får gjenhøyr med fleire av låtane frå debutalbumet «Aftenlandet» (1997), der alle tekstane er skrivne av Jakob Sande.
Aftenlandet gjorde stor suksess med melodiøs visepop og nynorske tekstar på 1990- og 2000-talet. På debutalbumet «Aftenlandet» var alle tekstane skrivne av Jakob Sande. I 2017 gjekk grunnleggar og komponist Sven Erik Vaksdal bort, og Aftenlandet spelte ikkje fleire konsertar. I november 2025 bestemte medlemmene seg for å samlast igjen, for å heidre sin avdøde ven med ein spesialkonsert. Med vokalist Astrid Kloster i spissen fylte dei Madam Felle i Bergen, og konserten gav meirsmak. På Fest i Fjaler, laurdag 15. august, blir det frå utescena i Klokkargarden gjenhøyr med store radiohits som «Du», «Hymne» og «Morgon i mai».
Aftenlandet består av Astrid Kloster, Mats Grønner, Aage Vaksdal, Halvor Folgerø, Tor Bjarne Bjelland og Helge Lilletvedt.
Astrid Kloster – vokal
Bur i heimbyen Stavanger. Sidan Aftenlandets siste utgjeving i 2005 har Astrid gitt ut to kritikerroste album; Spor og Vintersong. Sjangermessig spenner Astrid vidt, og ho syng like gjerne soul og jazz som viser og singer/songwriterstoff. Uavhengig av sjanger er likevel varemerket hennar sterke tolkningar og ei særeigen formidlingsevne.
Mats Grønner – gitar og kor
Bur i Oslo. Mats har jobba som musiker i mange år, både i studio, på turné og de siste åra mykje innan teater. Han har samarbeidd med ei rekkje flotte musikarar og artistar, som Jan Eggum, Trond-Viggo Torgersen og mange fleire.
Aage Vaksdal, trekkspel og kor
Bur på Dale i Vaksdal. Aage har lang røynsle med studioarbeid, turnéar og teaterverksemd, er m.a. kjend frå Jakob Sande-framsyninga til Jon Eikemo. Speler oftast vise og jazz, men er óg glad i akustisk rock á la Tom Petty, Bob Dylan og Tom Waits.
Tor Bjarne Bjelland, trommer
Bur i Bergen. Tor Bjarne er utdanna ved Jazzlinja på NTNU i Trondheim, og har lang røynsle som musiker, både på turne og i studio. Har spelt med ei rekkje artistar, dei siste åra har han jobba mykje med teater, m.a. på Den Nationale Scene.
Halvor Folgerø, bass
Bur i Bergen. Som musiker har han spelt med mange ulike artistar, og har dei seinare åra jobba mykje på teater. Halvor har også ei fortid som NRK-journalist, og har dei siste åra gitt ut fleire kritikarroste bøker. Sist sett i Klokkargarden i 2025, då han fekk Samlagsprisen for bøkene sine.
Helge Lilletvedt, tangentar
Bur i Bergen. Helge er den einaste som ikkje var med i originalbesetninga. Han er til dagleg musikalsk leiar ved Den Nationale Scene, og har ein lang karriere som frilans-musiker, komponist og arrangør. Helge Herborg Kråkevik sin faste pianist, og har samarbeidd med ei rekkje kjende artistar.
Konserten er ein del av Augustikveld i Klokkargarden, eit program med forteljing, allsong, prisutdelingar og konsertar. Programmet vert på utescene i Klokkargarden. Om dårleg ver blir programmet flytta inn på Samvirket scene.
Eit kjent cover i dei fleste CD-hyller då debutplata til Aftenlandet kom ut i 1997. På plata er alle tekstane skrivne av Jakob Sande.
Vokalist Astrid Kloster
Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting og deler eit nytt dikt kvar veke. Denne vekas dikt er "Stubb".
I 2026 er det 120 år sidan Jakob Sande var fødd. I høve jubileet skipar vi ein ny tradisjon, og inviterer ein framifrå formidlar til å halde det første Sandeføredraget.
Lisa Nordhaug er i residens i barndomsheimen til Jakob Sande. Her skriv ho på eit romanprosjekt.