Bli med på ei lita markering av fødedagen til føregangskvinne og skulepioneer Nikka Vonen. Kunsthistorikar Alexander Rauboti og Nikka Vonen-biograf Greta Hekneby tek oss med tilbake til ei tid der småpigerne regjerte på Steia. Dei fortel også om det nyoppretta venelaget for Nikka Vonen.
Hanne-Margrethe Heia Dybvik og Øyvind Rye Dybvik inviterer til allsong og haustpub i Løa i Jakob Sande-senteret. Velkomen til eit arrangement med musikk, fellesskap og god stemning.
Denne laurdagen lanserast både Anna Schmideder si bok "Gain what we lost" og Sandesenteret sin nyaste kopp skapt av Eva Meier. Begge to fortel om industrihistorie og korleis vi kan ta vare på kunnskap og forteljing.
Eva Meier har skapt illustrasjonane på koppane i Sandesenteret. No har ho skapt ein ny kopp inspirert av gründerverksemd og industri langs Dalsfjorden.
Anna Schmideder har skapt ei ny bok inspirert av bøkkerverksemd langs Dalsfjorden. Under residensopphald på NKD og i Sandesenteret, vart Anna kjend med mange lokale personar som har lært ho mykje om bøkkerverksemd, om handverksteknikkar og materialval. Desse samtalane og denne forskinga har munna ut i ei heilt eiga bok som vert lansert i Fjaler 29.11.25.