Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.

19.10.2026

"Nikka Vonen" på vandring med barnegruppe under Fest i Fjaler. Foto: David Zadig.

Jakob Sande - senter for forteljekunst er eit nasjonalt senter for munnleg og skriftleg forteljekunst med hovudsete i barndomsheimen til Jakob Sande i Klokkargarden i Dale i Sunnfjord. Senteret arbeider for å skape samarbeid mellom menneske og fagmiljø som har forteljing som kjerne i verksemda si, for å løfte fram nye forteljingar og røyster og i det perspektive formidle, forvalte og forske i arven etter diktaren Jakob Sande. Senteret sitt tilbod omfattar mellom anna akademi, seminar, arrangement, utstillingar, residens, tidsskrift, utleige og drift av nisjebokhandel. 

Sandesenteret skal bidra til at fleire får eigarskap til nynorsk språk og kultur, og arbeider for at menneske på tvers av bakgrunnar og generasjonar skal finne fram til sitt eige språk og uttrykk. No søkjer vi ein ny medarbeidar med fast arbeidsstad i Klokkargarden. Vi ser etter deg som evnar å skape gode møte mellom menneske i alle aldrar. Du er interessert i formidling, pedagogisk og praktisk arbeid, og har lyst til å bidra til at Sandesenteret held fram med å vere ein levande møtestad for litteratur, forteljing og kultur.

Om stillinga

Stillinga som museumsvert og pedagog kombinerer vertskapsoppgåver med pedagogisk arbeid og formidling. Som vår museumsvert og pedagog vil du møte ulike publikumsgrupper og bidra til gode opplevingar for besøkande, skuleklassar og andre grupper. Du får ei sentral rolle i den daglege drifta av senteret og i arbeidet med å utvikle formidlingstilbodet og aktivitetane våre. 

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å:

  • planlegge og gjennomføre pedagogiske formidlingsopplegg for skular og barnehagar
  • utvikle formidlingsopplegg og omvisingar for ulike målgrupper
  • ansvar for residenstilbodet med koordinering av søknadar og oppfølging av besøkande og skapande i residens, inkludert klargjering og praktisk tilrettelegging av residensbustaden 
  • koordinere utleige av lokala
  • ha ansvar for drift av bokhandelen og krambua, inkludert opplæring av sommarungdom
  • ha ansvar for program og vertskap i samband med besøk og aktivitetar
  • planleggje og gjennomføre arrangement, omvisingar og andre aktivitetar ved senteret
  • ta del i den daglege drifta og praktiske oppgåver ved senteret

Vi ser etter deg som

  • har interesse for kultur, formidling og forteljing
  • trivst med å formidle til både barn, unge og vaksne
  • er sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert
  • er positiv, serviceinnstilt og god til å møte ulike menneske
  • arbeider strukturert og trivst med varierte arbeidsoppgåver
  • er fleksibel og kan arbeide noko på kveldstid og i helgar, i samband med arrangement og andre aktivitetar ved senteret. 

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i eit spennande kultur- og litteraturmiljø
  • ei stilling med rom for initiativ og utvikling
  • høve til å påverke og vidareutvikle det pedagogiske formidlingstilbodet ved senteret
  • fleksitid
  • løn etter avtale

Krav til søkjar

Pedagogisk utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. Erfaring med formidling, arrangementsarbeid eller museumsarbeid er ein fordel. 

Stillinga kan tilpassast den einskilde. Oppmodar deg om å søke trass i om du ikkje har erfaring med alle oppgåvene frå før. 

80 % engasjement, med moglegheit for vidareføring. 

Søknadsfrist 8. november.

Send søknad med CV på epost post@jakobsande.no

Har du spørsmål til stillinga, ta kontakt med dagleg leiar i Jakob Sande-senter for forteljekunst, Rakel C. W. Solheim på telefon 97650966 eller epost rakel@jakobsande.no. 

 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Møt Jaja og Sandesenteret på Vesle Sildring

Når nettverket Sildring inviterer til ein kveld med kreativt påfyll i Florø denne veka, kjem redaktør og fagutviklar Tora Hope for å snakke om kvifor vi som bur i distrikta må fortelje våre eigne historier.

I residens: Robin Everett

Robin Everett (f. 1989, UK) er biletkunstnar og bur i Haukedalen i Sunnfjord. Desse vekene er han i residens hos Jakob Sande - senter for forteljekunst.

Synne Gulliksen i residens

Denne veka bur Synne Gulliksen i diktarbustaden i Jakob Sande-tunet, der ho jobbar med ein roman.