Matbodar og kafe på Fest i Fjaler

På laurdag finn du mykje god mat i Klokkargarden!

15. august, 11:00 – 15:00
Design uten navn - 1

No 27 lagar napolitansk pizza, Monrudee Skadal lagar vårrullar, nudlar og thaisuppe med raud curry og Mor Villrose steiker natronkaker.

I Løa finn du deg plass å sitje og kaffi og drikke til maten.

Laurdag vert det òg open kafé på Kringlebua, med nysteikte bollar, kake og brød rett frå bakaromnen, som du kan kjøpe med deg heim eller nyte med ein god kopp kaffi i kafeen.

På Augustikveld i Klokkargarden stiller Strandakokken med angusburger, med chuncky dressing, salat, søtløk og tomat. Nam!

Du finn òg mattilbod på Fabel og Smakeriet på Dale senter og på YX.

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.