Vi feirar forteljekunsten, årets tema "kvinna" og Jakob Sande sin 120-årsdag med eit variert program frå utescena i Klokkargarden.
På programmet:
Utdrag frå kveldsprogrammet Augustikveld i Klokkargarden kl. 2000-0030:
2000:
Vokalesemble SPOR syng
Opning ved styreleiar i Jakob Sande-selskapet, Trude Høgseth Felde
Forteljing ved festforteljar Irene Kindunda Afryie
Helsingar til Jakob på 120 årsdagen frå fylkesordførar Jon Askeland, ordførar i Fjaler Leif Jarle Espedal, kommunalsjef kultur- og samfunnsutvikling, Ingeborg Tysnes og Hege Lothe (SV)
Sarah Camille Osmundsen og musikar Jørn Erik Ahlsen Alkanger med lydverk
Allsong leia av Jørgen Alisøy og Jan Haugen
Utdeling av Jakob Sandes ærespris ved Margrete Reisæter, Gunnstein Akselberg og Jan Haugen
Diktlesing ved Kjartan Hatløy
Eit utdrag frå diktkonserten "kvinna" ved Melina, Nirvana og Sigrid (Den Mangfaldige scenen)
Utdeling av forteljekunstprisen ved leiar hovudutval for kultur, idrett og inkludering i VLFK, Jacob Nødseth.
Ivar Orvedal, Sara Salverius, Jean-Philippe Poncin og Eva Bjerga Haugen med ein smakebit frå konserten “Angen av alt som gror”
SPOR syng
2130: Konsert med Aftenlandet
Aftenlandet består av Astrid Kloster, Mats Grønner, Aage Vaksdal, Halvor Folgerø, Tor Bjarne Bjelland og Helge Lilletvedt.
2300: Nattspel med Black Hauge
Erlend O. Nødtvedt - samples, stemme, elektronikk
Olav H. Hauge - sampla frå opptak
Erlend Apneseth - hardingfele
Stephan Meidell - Baritongitarar, samples, modulær synth
Øyvind Hegg-Lunde - Akustiske og elektriske trommer, perkusjon
Konferansier er Irene Kinunda Afriyie
Vi set opp det nye, flotte teltet, så programmet vert frå utescena i tunet uansett vær.
Black Hauge vert i Løa oppe.
Billett i Ticketco og i tunet.
Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.