Kurs i verselesing med Idun og Rolf Losnegård

Vi startar forteljekunstakademiet med eit forkurs i verselesing med Idun og Rolf Losnegård. Her vil deltakarane få kunnskap om diktaren sin prosess og arbeide med å framføre dikt av Jakob Sande.

18. juni 10:00 – 13:00

Bli med inn i hjartet til diktet. og finn friheita i bunden form i dette kurset i verselesing.

Stad: Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. 

Det vert pause med frukt midt i kurset. 

Programmet er ein del av Forteljekunstakademiet 2025. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

9. mai 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

16. mai 11:00 – 14:00

Open bokhandel og krambu i Gamle skulehuset

Sandesenteret sin eigen bokhandel, krambu og møteplass ope laurdagar 11-14. Enkel kafè og eit utval nye bøker og ymse frå eigen produksjon.

12. - 14. august 09:00 – 14:00

Sommarakademi i munnleg og skriftleg forteljekunst

Sommarakademiet er for alle som ønskjer utvikle evnene sine til å lytte, til dialog, til å fortelje, til å skrive, samhandle og skape. Alle utøvarane er aktivt deltakande i føredrag, kurs, praktisk arbeid og kvar einskild får utvikle sine evner munnleg og skriftleg.