Helma og Edith – eit kontrafaktisk møte

Ena Johanna Rathgeb er i residens ved Sandesenteret og inviterer til ein presentasjon av sitt pågåande kunstnariske prosjekt. Prosjektet utforskar kunst, arbeid og kvinner som levde og handla i skuggen av kunstnar Kurt Schwitters.

11. februar, 19:30 – 20:30

(Kurts kvinner) Edith & Helma

(eit kontrafaktisk møte)

Prosjektet tek utgangspunkt i Kurt Schwitters, den tyske dadaisten som kom i eksil til Noreg under andre verdskrig. Arbeidet fokuserer på kvinnene i livet hans: Helma Schwitters, som var kvinna som forvalta verka hans og tok vare på hans kunstnariske virke, og Edith Thomas, ein fransk-amerikansk forfatter, arkivar, historikar og journalist. Dei to kvinnene møttest aldri. Begge levde i skuggen av Schwitters, samtidig som dei spelte ei avgjerande rolle i hans kunstnariske karriere. 

Prosjektet undersøker eit hypotetisk møte mellom Helma og Edith: Kva ville dei ha snakka om dersom dei hadde møttest? Rathgeb førestiller seg ein samtale der dei snakkar om seg sjølv, om sine draumar og lengslar, planar, svik, kunst, arbeid og ambisjonar, og om erfaringa av å vere kvinne i ei mannsdominert kunstverd.

Ena Rathgeb er ein tverrfagleg kunstnar og designer basert i Bergen. Praksisen hennar kombinerer narrativ teikning, handverk som veving og bokkunst, samt kunstnarisk forskning. Rathgeb sitt kunstnariske arbeid beveger seg i skjeringspunktet mellom hukommelse, observasjon og fantasi. Det tar ofte utgangspunkt i biografiske fragment, historier, objekt og rom som har forma ho. Rathgeb er særleg interessert i korleis personleg og familiær historie lagrast i bilete, og korleis element frå fortida kan rekomponerast i notida. I teikninga finn ho eit språk for å synleggjere desse prosessane. Gjennom arbeid med fargeblyant, blekk og grafitt brukar ho teikning som eit rom for observasjon, refleksjon og ettertanke.

Ena lagar suppe. Pris for inngang og suppe kr. 100,- 

Etter presentasjonen til Rathgeb kan du bli att i skulehuset og bli med på stille bokklubb. 

Arkiv

Aktuelt frå Sandesenteret

Vekas dikt: «Haust»

I 1936, som trettiåring, gav Jakob Sande ut si fjerde diktsamling, Villskog. I år er det 90 år sidan utgjevinga. «Haust» er eit av dikta i samlinga og er denne vekas dikt.

I residens

Denne veka er Wenche O. Gressnes og Mona Høydahl frå Harstad i residens i Dale. Her utforskar dei munnleg forteljing og ulike måtar å hente fram og formidle kvardags- og livsforteljingar på.

Skrivekurs for nye stemmer

På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.

Kalender

Kva skjer hos oss?

16. september 16:00 – 17:00

Redaksjonsmøtet

Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.

19. september 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

25. september 10:00 – 16:00

Utdeling av Samlagsprisen og seminar

Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.