Ta med borna til Klokkargarden på laurdag, og gå på framsyningar, aktivitetar og kafe.
Laurdag på Fest i Fjaler skjer det mykje spanande for born i Jakob Sande-tunet.
Kl. 11-15 er det matbodar med gode og spanande smakar i tunet
Leonards forlaavelse stiller med Forlaavelsessuppe, brød og ostar, Mor Villrose steiker natronkaker, Monrudee Skadal lagar vårrullar, nudlar og thaisuppe, og No. 27 kjem med dei digge pizzaane sine! I Kringlebua kan de kjøpe bollar, varm eplekake eller nysteikte brød. Ta med maten til Løa, der det er godt og varmt, med plass til liten og stor.
Kl. 11 Forteljeframsyninga 'Å miste' med Heidi Dahlsveen i teltet
Dette er ei humoristisk og alvorleg reise inn i eit folkeeventyr frå Nikka Vonen si innsamling, der eit lite tap blir starten på noko langt større. Når noko forsvinn, tvingast hovudpersonen ut i den eventyrlege verda med troll, kjerringar med lange naser og festglade tussar. Undervegs møter vi både det komiske og det sårbare i å leite etter det vi har mista.
Gratis inngong, passar born frå seks år og opp.
Kl. 12 Familieframsyninga 'Mieko dansar' på Lokalet i Studio Nova
Gjennom forteljing, rørsle og samtale møter borna Mieko, som elskar å danse og som utfordrar forventningar til kjønn og identitet.
Mieko elskar å danse! Særleg når ho får bruke shorts og T-skjorte i staden for den dustete strømpebuksa og den trange drakta. Aldri før har Mieko spunne så fort eller hoppa så høgt! Men kvifor blir Mieko plassert på hopp-gruppa? Der er det jo berre gutar! Mieko danser er dansar og koreograf Mariko Miyata-Jancey si første bok. Ho er dansar og koreograf, og har lang erfaring med formidling og framsyningar retta mot barn og unge.
Framsyninga passar godt for barn frå 3 til 10 år.
Kl. 13-16 Aktivitetar på Lokalet på Studio Nova
Leik med ord frå Jakob Sande si dikting, lag papirdukke og teikne.
Gratis inngong.
Vel møtt!
Ungdomsredaksjonen møtast for å jobbe med det vi vil lage etter Teaterfestivalen i Fjaler.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug! Øyehaug får prisen for heile forfattarskapen sin og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.