Heidi Dahlsveen kjem til Fjaler med ei forteljeframsyning for heile familien, basert på eit folkeeventyr samla inn av Nikka Vonen.
Heidi Dahlsveen. Foto: Sonja Balci
Forteljeframsyninga "Å miste" er ei humoristisk og alvorleg reise inn i eit folkeeventyr frå Nikka Vonen si innsamling, der eit lite tap blir starten på noko langt større. Når noko forsvinn, tvingast hovudpersonen ut i den eventyrlege verda med troll, kjerringar med lange naser og festglade tussar. Undervegs møter vi både det komiske og det sårbare i å leite etter det vi har mista.
Framsyninga inviterer publikum til latter, undring og til å høyre ekkoet av Nikka Vonen i vår eiga tid.
Forteljeframsyninga passar for familiar med born frå seks år og oppover.
Heidi Dahlsveen er forfattar, forteljar og dosent i munnleg forteljekunst ved OsloMet.
Framsyninga blir i teltet.
Gratis inngang.
Ivar Nygaard er i residens i Jakob Sande - senter for forteljekunst. På onsdag inviterer han til gulrotkake og forteljeframsyning om Peder, kjærleiken og tuberkulosen.
Laurdagsope i bokhandelen, krambua og kafeen i det gamle skulehuset.
Ta med borna på forteljestund med Fjalers eigne forteljekunstnar Rolf Magne G. Andersen!