Mariko Miyata-Jancey kjem til Fest i Fjaler med eit barneprogram basert på den prisvinnande biletboka Mieko danser. Gjennom forteljing, rørsle og samtale møter borna Mieko, som elskar å danse og som utfordrar forventningar til kjønn og identitet.
Foto: Erik Brandsborg
Mieko elskar å danse! Særleg når ho får bruke shorts og T-skjorte i staden for den dustete strømpebuksa og den trange drakta. Aldri før har Mieko spunne så fort eller hoppa så høgt! Men kvifor blir Mieko plassert på hopp-gruppa? Der er det jo berre gutar! Mieko danser er dansar og koreograf Mariko Miyata-Jancey si første bok. I år er Mariko også aktuell med den andre boka om Mieko, Mieko på dansecamp.
Biletboka er illustrert av Skinkeape/Marianne Gretteberg Engedal og vann Kulturdepartementets bildebokpris for 2024. I 2025 ga ho også ut boka Hanna og Hani, om klimaangst, vennskap og identitet.
Mariko Miyata-Jancey (f. 1989) er dansar og koreograf, og har lang erfaring med formidling og framsyningar retta mot barn og unge. Miyata-Jancey har ein master i koreografi frå KHiO og ein master i barne- og ungdomslitterær skrivekunst og formidling ved NBI.
Mariko kjem til Fest i Fjaler med eit barneprogram som passar godt for barn frå 3 til 10 år.
Programmet vert på Lokalet i Studio Nova.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.