Velkomen til Fjaler!

Neste veke er det akademi og Fest i Fjaler i Jakob Sande-senter for forteljekunst og du er hjarteleg velkomen til å vere med!

03.08.2026

Alexander Rauboti og Nikka Vonens venelag inviterer til oppdagingsferd på Steia Gard under akademiet.

Først ut er Forteljekunstakademiet/Nikka Vonen-seminaret Du kan! som startar torsdag 13. august.

800 jenter. Så mange elevar var innom det vidgjetne Nikka Vonens Pigeinstitutt i Fjaler. Bjørnstjerne Bjørnson sende barn og barnebarn hit, og den første kvinna på Stortinget, Karen Platou, gjekk i skule hos Nikka. 

I i ei tid då få jenter fekk utdanning, via Nikka seg til å skikke elevane sine til livet. Ho må ha lukkast, for vitnemåla om Nikka er mange og gode. 

Livsverket hennar var hjartedanning, sa soknepresten Døskeland. I eit minneord skreiv han: «Hennar undervisning og oppdraging av elevane var i beste forstand øving i livskunst». Ei av jentene sa: «Samværet med Nikka ga oss alltid mot og håp. Det var som om hun sa, med eller uten ord: Du kan!».

Under årets tema kvinna, tek Sandesenteret sats i arven etter Nikka. 

Velkomen til Forteljekunstakademiet «Du kan!», der du blir kjend med Nikkas idear om danning og utviklar dine evner til skriftleg og munnleg forteljing. 

DAG 1: TORSDAG 13. AUGUST

1000 - 1200 Verselesingskurs på Steia gard

Nikka var inspirert av N.F.S. Grundtvig og folkehøgskulerørsla, som la vekt på det levande ordet og danning. I undervisninga vektla ho samtale, refleksjon og munnleg formidling. På dette kurset arbeider vi med det levande ordet. Vi går til hjarta av Jakob Sande sine dikt og finn fridomen i bunden form. Kurset gir innsikt i diktaren sin prosess og øving i munnleg framføring. 

Kursleiar Liv Hege Skagestad er rådgjevar i Sandesenteret og kunstnarleg leiar og instruktør ved Den mangfaldige scenen. Ho vaks opp på Romerike Folkehøgskole og har lang erfaring innan teater. 

1200 Nikka Vonens matbord i Løa

1300 - 1500 Undervisningskunst på Steia gard

Undervisningstimane til Nikka var feststunder. Ei av jentene fortalde: «Nikka forstod hver eneste en av oss. Hun ga seg ikke før hun hadde hjulpet oss over det som var vår særegne vanskelighet». Og kanskje var det nettopp dette som hadde størst påverknad på mange av elevane hennar: Dei opplevde å bli sett. 

Velkomen til ein bolk med samtalar og praktiske øvingar innan pedagogikk og formidling. Økta blir leia av universitetslektor ved UiS Sigrid Sandemose, Liv Hege Skagestad og Rakel C. W. Solheim. 

1630 Middag i Løa

1800 - 1900 Nikka Vonens hemmelege hage

Nikka hadde eit stort engasjement for planter, hagestell og nyttevekstar. Jentene gjekk på fjellturar, hadde fiskerett i elva, drog på utferder og observerte planter, dyr og landskap. Hagen var vakkert opparbeidd med frodige blomebed, bærbusker, pryd- og frukttre, og mange fine små hus. 

No gror nye spirer på Steia gard. Saman med Nikka Vonens venelag inviterer vi til ein time med oppdagingsferd og forteljebål i Nikka Vonens hemmelege hage. Oppdagingsferda blir leia av Alexander Rauboti frå Musea i Sogn og Fjordane, og med seg har han b.a. andre historikar, høgskulelektor og Nikka Vonen-biograf Greta Hekneby.

1800 - 2000 Lukka kurs med E.V. Crowe: Perfekt norsk? Dårleg norsk? Kva om KVA du vil seie er viktigare enn KORLEIS du seier det?  

Kurs for deg som har norsk som andrespråk. Les meir og meld deg på her. 

2000 Konsertframsyninga Formødre i foajeen på Samvirket 

Pianist og musikkformidlar Sara Aimée Smiseth kombinerer virtuost klaverspel med levande historieforteljing. Ho tek publikum med gjennom 350 år familiehistorie, sett gjennom liva til ni generasjonar kvinner – akkompagnert av ikoniske verk frå klaverhistoria.

Billett må tingast utanom. Ting billett her. 

DAG 2: FREDAG 14. AUGUST

0800 - 0900: Frukostmøte med Nytta

0930 - 1030 Kurs i høgtlesing og formidling med Rolf Magne Golten Andersen

Rolf Magne Golten Andersen er forfattar, manusforfattar, dramatikar og forteljar. Han er kjend for Kokosbananas og for engasjerande formidling og høgtlesing. 

1100 - 1300 Kurs i munnleg forteljekunst med Heidi Dahlsveen 

Dette praktiske kurset tek deltakarane steg for steg inn i munnleg forteljing. Det startar med kva munnleg forteljekunst er, før det utforskar ulike typar forteljingar  – frå eventyr til personlege historier. Gjennom praktiske øvingar får deltakarane verkty og innsikt i korleis den munnlege forteljinga lev i eit møte mellom forteljar og lyttar. Deltakarane kan arbeide med tradisjonsstoff henta frå innsamlinga til Nikka Vonen, og forme det til sin eigen levande versjon.  

Kursleiar Heidi Dahlsveen er forfattar, forteljar og dosent i munnleg forteljekunst ved OsloMet.  

10-12 Lukka kurs med Sarah Camille Osmundsen: Språk og poesi

Kurs for deg som har norsk som andrespråk. Les meir og meld deg på her. 

13 Nikka vonens matbord i Løa med oppsummering og avslutning

Påmelding

For å delta kjøper du billett i Ticketco. Du kan kjøpe billett for ein eller begge dagar. Billetten inkluderer program og lunsj. Utanom er det tilbod om middag. 

Studentar deltek gratis, og kan melde seg på til tora@jakobsande.no. Du må sjølv dekkje reise og overnatting. Skriv om du treng hjelp til å finne overnattingsplass.

Du som har norsk som andrespråk, kan òg du melde deg på Skriveverkstad for deg med norsk andrespråk. Skriveverkstaden går parallelt med anna program. Deltaking, reise, kost og losji er gratis for deg som får plass på dette kurset. 

Fredag 14.august startar Fest i Fjaler med samtalar, føredrag, forteljingar, prisutdelingar, konsertar og nattspel.

På programmet står mellom anna

Fredag 15. august:

Opning med ord ved Gunnstein Akselberg og Leif Jarle Espedal

Sandeføredraget ved Aina Basso

Framsyninga "kvinna" ved Den mangfaldige scenen

Lansering av årets fysiske utgåve av Tidsskriftet Jaja

Folkemusikkpub med Folkemusikklaget Havbrusen med vener

 

Laurdag 16. august:

Utdrag frå programmet på dagtid:

Forteljing for heile familien ved Heidi Dahlsveen, med utgangspunkt i ei forteljing samla av Nikka Vonen

Hege Duckert om Katti Anker Møller og kvinnehistorie

Mariko Miyata-Jancey om Mieko danser, ei framsyning for heile familien

Aina Basso i samtale med Hege Duckert om boka Før det blir morgon

Ove Eide om kvinnene i Sande sine tekstar 

Oddrun Midtbø med forteljingar om lobotomi

Lunsjboder i tunet gjennom dagen 

Lesing av eit utval dikt av Jakob Sande i Bestefarstaua

Utdrag frå kveldsprogrammet "Augustikveld i Klokkargarden"

Forteljing ved festforteljar Irene Kindunda Afryie

Vokalesemble SPOR syng

Utdeling av Jakob Sandes ærespris

Helsing til Jakob på 120 årsdagen

Diktlesing og allsong

Utdeling av forteljekunstprisen 

Konsert med Aftenlandet

Nattspel med Black Hauge

 

Sundag 16.august

Grøneholten opp, motbakkeløp i regi av Dale IL

Sundagskafè og lesing i bestefarstaua

Arild Linneberg og Janne Sund om Hannah Arendt

Memoar med forteljing om Thora Hovland

Avslutningskonserten "Angen av alt som gror" i Dale kyrkje med Ivar Orvedal med band

Du kan førehandstinge billett til dei ulike programpostane på Ticketco. Sjå lenkje i dei ulike postane i kalenderen her: https://jakobsande.no/kva-skjer/

 

Velkomen til akademi og Fest i Fjaler!

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Vekas dikt: «Haust»

I 1936, som trettiåring, gav Jakob Sande ut si fjerde diktsamling, Villskog. I år er det 90 år sidan utgjevinga. «Haust» er eit av dikta i samlinga og er denne vekas dikt.

I residens

Denne veka er Wenche O. Gressnes og Mona Høydahl frå Harstad i residens i Dale. Her utforskar dei munnleg forteljing og ulike måtar å hente fram og formidle kvardags- og livsforteljingar på.

Skrivekurs for nye stemmer

På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.