I konsertframsyninga "Formødre" kombinerer pianist og musikkformidlar Sara Aimée Smiseth virtuost klaverspel med levande historieforteljing. Ho tek publikum med gjennom 350 år familiehistorie, sett gjennom liva til ni generasjonar kvinner – akkompagnert av ikoniske verk frå klaverhistoria.
Foto: Anna-Julia Granberg
Pianist og musikkformidlar Sara Aimée Smiseth kombinerer virtuost klaverspel med levande historieforteljing. I konsertframsyninga “Formødre” har ho fordjupa seg i si eiga slekt, og fortel 350 års historie sett frå perspektiva til ni generasjonar kvinner i sin egen familie – akkompagnert av ikoniske klaververk frå musikkhistoria. Frå Skottland på 1600-talet går reisa via Skien og Brevik til ein staseleg heim i Moss, og til ei forpakterske av Lindesnes fyr. Vi skal til eit internasjonalt miljø i Kristiansand, og til elektriske bad og kulturfiff på Sandefjord og Modum Bad. Så til Christiania og dei fattigslege kvartala på Vaterland, det landlege Groruddalen, eit liberalt psykiatrisk sjukehus, (endå) ein forfattar, og til hemmeleg motstandsarbeid under andre verdskrig.
Sara er utdanna både pianist (Norges Musikkhøgskole og Koninklijk Conservatorium Brüssel) og musikkviter (Universitetet i Oslo), og har utmerka seg med sin unike kombinasjon av levande historieforteljing og virtuost klaverspel. Dei siste åra har Sara vore solist i Griegs klaverkonsert i Europas kulturhovudstad 2024, Tartu i Estland. Sara er ein viktig formidlar av klassisk musikk, og er ein av landets fremste formidlarar av komponisten og pianisten Agathe Backer Grøndahl. Sara turnerer jamleg med sine konsertframsyningar både i inn- og utland. Dei siste par åra har ho blant anna gitt ut sitt debutalbum “Backer Grøndahl – Piano Works” til svært gode kritikkar, vore vekas pianist på Troldhaugen i Bergen, spelt solorecital i Mendelssohn Haus i Leipzig og turnert i USA.
Sara har tidlegare vore i residens i Jakob Sande-senter for forteljekunst og kjem no tilbake til Fjaler for å halde konsert som ei innleiing til Fest i Fjaler!
Velkomen til ei unik konsertoppleving!
Laurdagsopen bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset.
Paula Ramos er i residens i Sandesenteret. Laurdag les Paula, i samarbeid med fleire, høgt frå eit manus til eit teaterstykke ho har arbeidd med under opphaldet.
«Kvinna» markerer opninga på Jakob Sande-minifestival som finn stad i Nynorskens hus, Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret 9.-10. november 2026. Arrangørar er Jakob Sande - senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, Den Mangfaldig Scenen, BUL, Vikværingen og Samlagsrota.