Vekas dikt: «Haust»

I 1936, som trettiåring, gav Jakob Sande ut si fjerde diktsamling, Villskog. I år er det 90 år sidan utgjevinga. «Haust» er eit av dikta i samlinga og er denne vekas dikt.

17.09.2026

HAUST

Med sus i skymingsmyrke graner

sig natta inn frå audna send,

og svingar sine svarte faner 

i Myrkilvala stille grend.

Mot sør, mot sør dreg ville svaner,

der sev ved solblå sjøar stend.

Med tunge vengjeslag mot sky,

dei ror seg fram til dag på ny. 

 

Og minne vaknar etter minne

om tunge sår og tapte slag.

Var det min lodd: å aldri vinne,

og er eg fødd til nederlag?

Skal aldri ankargrunn eg finne,

men drive til min siste dag?

Og draumen, draumen min om eg,

er den det svanepar som dreg?

 

Å, du som i mitt fangtak kvilde

so mang ei varm og vårtung natt,

som gret når du og eg var skilde,

og lo kvar gong du fann meg att,

som aldri, aldri frå meg vilde,

og det med dyre eidar batt,

å, var det alt ein brosten draum

i livsens jøkulkalde straum?

 

Lat hausten mot mi panne strøyme,

med vemodstonen, myrk og sår,

eg skal deg aldri, aldri gløyme,

der bøygd mot undergang eg går,

og einsam, einsam skal eg drøyme

den draumen som ein gong var vår,

til natta vaknar uti hav,

og stiller all mi lengting av. 

 

Jakob Sande, Villskog 1936. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.