Skrivekurs for nye stemmer

På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.

02.09.2026

I 2025 satte Tekstallianse i gang Skriveverkstad for nye stemmer på Litteraturhuset i Stavanger, for skrivande som ikkje har norsk som førstespråk. Jakob Sande - senter for forteljekunst samarbeider med Tekstallianse om å tilby Skriveverkstad for nye stemmer også i Fjaler og Sunnfjord. 

Den første samlinga for skriveverkstaden fann stad på Forteljekunstakademiet i Fjaler i august, og det var ein dyktig, motivert og fin gjeng som kom saman til to dagar med kurs og fellesskap. 

Vi starta torsdag med kurset Perfekt norsk? Dårleg norsk? Kva om KVA du vil seie er viktigare enn KORLEIS du seier det?. Kurshaldar var dramatikar og manusforfattar E. V. Crowe, som blant anna har tatt initativ til Nynorskveka hos Sandesenteret, der elevar på vaksenopplæringa tek eigarskap til nynorsk gjennom kreativ skriving. 

Fredag holdt artist, forteljar og slampoet Sarah Camille Osmundsen kurset Språk og poesi. Der utforska gruppa poesi, leik og musikalitet i språket, og blei kjend med ulike inngangar til skriving og formidling. 

Gruppa skal ha fleire samlingar i løpet av hausten.

Skriveverkstadane er støtta av Kulturrådet, Bergersenstiftelsen og Balansekunst. 

Alle foto: David Zadig. 

Kurshaldar Crowe er ein prisvinnande dramtikar og manusforfattar som bur i Fjaler. Ho har brei erfaring med ulike sjangrar, og skriv for både teater, film radio, dans og song.

Deltakarane brukte både penn og røyst i utforskinga av kva stemme dei har på norsk.

Sarah Camille Osmundsen underviste i språk og poesi i den gamle Nikka Vonens pigeskole på Steia gard, her i Grønnestuen.

Fredagskveld braka Fest i Fjaler laus, med lansering av Tidsskriftet Jaja. Ramona Sarac skreiv ein tekst på skrivekurset i Stavanger, som har blitt publisert i Jaja. Det var ein sterk augeblikk då Sarac framførde sin første tekst publisert på norsk til publikummet i Løa.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Er du mellom 15-20 år? Bli med på Redaksjonsmøtet!

Redaksjonsmøtet Fjaler er for deg som vil bli med i ein ungdomsredaksjon, der du til dømes kan skrive, ta bilete, lage reels eller teikne.

Fredag under Fest i Fjaler

Fest i Fjaler opna med kake, føredrag, lansering, diktkonsert og folkemusikkpub. Alt foreviga av fotograf David Zadig.

Den Mangfaldige Scenen til Fjaler med tingingsverk

Den Mangfaldige Scenen i Oslo kom til Fest i Fjaler med eit tingingsverk knytt til årets tema i Sandesenteret. Fredag under Fest i Fjaler hadde dei urframsyning av diktkonserten "kvinna" i ei fullsett løe i Sande-tunet.