I residens

Denne veka er Wenche O. Gressnes og Mona Høydahl frå Harstad i residens i Dale. Her utforskar dei munnleg forteljing og ulike måtar å hente fram og formidle kvardags- og livsforteljingar på.

15.09.2026

Wenche og Mona på kjøkkenet i residensen.

Wenche O. Gressnes og Mona Høydahl frå Harstad er denne veka i residens i Jakob Sande-senteret. 

Dei har begge lang erfaring som formidlarar og er utdanna både innan forteljing, pedagogikk, sosiologi, kunstterapi og religion og har såleis ein tverrfagleg inngang til å hente fram og attfortelje historier. 

Dei brenn begge for munnleg forteljing og heiar på kvardagsforteljingane, som også kan munne ut i livsforteljingar. Wenche jobbar som helsepedagog der eit av hennar viktigaste oppdrag er å rettleie og ivareta pasientar og pårørande som bidreg med si livsforteljing inn i ulike diagnosespesifikke kurs, og Mona er museumspedagog ved Sør-Troms museum, der munnleg forteljing er ein av metodane i formidlingsarbeidet.  

Under opphaldet skal dei jobbe vidare med eit forteljeprosjekt dei har pågåande i Harstad. Dei håpar også å få teste ut metodane på personar lokalt under opphaldet her i Dale. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.