Fulle hus for Jakob Sande i hovudstaden

Jakob Sande-minifestivalen samla eit stort publikum i Oslo då 120-årsjubileet for diktaren vart markert. Med "Kvinna" som årets tema utforska festivalen nye perspektiv og løfta fram nye stemmer, inspirerte av Sande si dikting og den litterære arven etter han.

11.11.2026

Jørn Erik, Shwan, Nirvana, Kjetil, Sarah, Maren, Melina, Harald, Sigrid frå Den mangfaldige scenen og Songlaget BUL stod for diktkonserten "kvinna" første dag av minifestivalen.

Dagleg leiar i Den mangfaldige scenen og rådgjevar i Sandesenteret, Liv Hege Skagestad, ønskte velkomen til minifestival saman med dagleg leiar i Sandesenteret, Rakel C. W. Solheim.

Første del av minifestivalen var diktkonserten "kvinna", eit tingingsverk til Den Mangfaldige scenen i Oslo frå Sandesenteret. Verket hadde urframføring i Løa i Sande-tunet under Fest i Fjaler i august 2026. Når det no vart spelt på nytt, var laget utvida med Songlaget BUL også. Diktkonserten vart framført i Nynorskens hus, som er Bondeungdomslaget si scene, og som også var staden der Jakob Sande debuterte i 1929. 

Startskotet på minifestivalen var diktkonserten "kvinna", eit tingingsverk frå Sandesenteret til Den mangfaldige scenen i Oslo. Verket hadde urframføring under Fest i Fjaler i august. Songlaget BUL vart også med no når framsyninga vart vist på nytt i Nynorskens hus.

Sigrid Felde song og spela piano under diktkonserten.

På dag to av minifestivalen ønskte redaktør for Sandesenteret sitt tidsskrift, Tora Hope, oss velkomen til forteljestund med Tidsskriftet Jaja i Nynorsk bokhandel.

Deretter fortalde Gunnstein Akselberg om det forteljande dyret.

Før Marius Moldvær vart det forteljande dyret og tok dei lyttande med inn i ei forteljestund full av kropp og anekdotar.

Nynorsk bokhandel var ein av arenaene for Jakob Sande-minifestival i Oslo.

Bikuben på Det norske teateret var arena for siste program på minifestivalen. Der opna Melina, Nirvana og Sigrid frå Den mangfaldige scenen Lunsj og lyrikk.

Mange ville ha med seg venelaget til Det norske teateret sin Lunsj og lyrikk om Sande. Eit samarbeid med Den mangfaldige scenen i Oslo.

Sande-biograf Ove Eide heldt eit engasjerande innlegg om kvinnene i Sande sin forfattarskap.

Sandesenteret hadde med varer frå krambua i gamle skulehuset til Oslo. Her står Tora Hope i popup-butikken.

Jakob Sande-minifestival i Oslo 9.-10. november var eit samarbeid mellom Den Mangfaldige Scenen, Jakob Sande – senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, BUL Oslo, Vikværingen, Samlagsrota og Tidsskriftet Jaja. 

Arrangementa gjekk føre seg i Nynorskens hus, på Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.

Søk residensopphald for 2027 innan 1. november

Søknadsfristen for residensopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i 2027 er 1. november. Studentar blir særskilt oppmoda om å søke.

Er du vår nye vert og pedagog?

Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.