Dikt utan namn –

Denne vekas dikt er "Dikt utan namn –"

12.06.2026

DIKT UTAN NAMN –

Eg drog omkring med lensmannen og panta

eg skulle liksom vere lensmannsdreng.

So kom vi til ein gard som låg og skranta,

 – ei hungersott låg over skog og eng.

Dei skakke husa lutte under børa

av armods skam so det var ynk å sjå.

Det rikta vesalt i den skeive døra

då vi strauk lensmannslua av oss og steig på.

 

Vi stod i stova, det var skumt der inne,

og kulden råna i det nakne rom.

Ved grua stod ei bleik og mager kvinne

og stirde redd imot oss der vi kom.

Og svint som tøkte bort av sjølve styggen  –

ein skokk med ungar langt frå mora var.

Vi såg at dei heldt hendene på ryggen

og freista løyne noko som dei bar.

 

Dei stakk seg fram, og augo hungerfylte

omkapp med børa som dei bar på skein,

for det dei bar på var ei form for sylte,

ja, syltelabb av gamle hestebein.

Dei grove beina grundig av var sleikte

so knapt ei slintre kjøt var att å sjå

og lyste bleike fram  – i mysestrokken bleikte  –

med slitne hesteskor og hovskjegg på. 

 

Men det eg mest la merke til i grunnen

i denne flokken av forkomne små,

var lange pluggar som dei heldt i munnen,

og utan blussel grådig sleikte på.

Og eg lyt vedgå, eg vart sjølv forkommen

då eg fann grunn for det eg her såg skje:

at midt i all den svarte armodsdommen

var gampen deira skodd med plugg av tre.

 

Vi gjekk vår veg, her var `kje anna føre,

her var ikkje stort å ta i pant.

Eg såg at lensmannen gav femti øre,

sjølv var eg liksom vanleg  – raka fant.

Men eg har tenkt på desse små forsvoltne folka,

og deira lagnad her på jorderik,

og her kjem tanken som eg no har tolka

i dette verset, som skal lye slik:

 

Her kan vel seiast  – om ein gong med rette:

de skuldar ingen nokon takkesong.

De laut nok flakke vidt ikring før de vart mette,

å seie: om de vart det nokon gong.

Den faddergåva som de fekk i dåpen

var armodsdommen som imot dykk grein,

og det i livsens strid de fekk til våpen,

var minnet om eit skamskodd hestebein. 

 

Jakob Sande, Sirius.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Vekas dikt: «Haust»

I 1936, som trettiåring, gav Jakob Sande ut si fjerde diktsamling, Villskog. I år er det 90 år sidan utgjevinga. «Haust» er eit av dikta i samlinga og er denne vekas dikt.

I residens

Denne veka er Wenche O. Gressnes og Mona Høydahl frå Harstad i residens i Dale. Her utforskar dei munnleg forteljing og ulike måtar å hente fram og formidle kvardags- og livsforteljingar på.

Skrivekurs for nye stemmer

På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.