1. desember markerer vi fødedagen til Jakob Sande med diktardag med lys i alle husa i Klokkargarden. Det vert grautfest for heile familien, julebøk-tenning, diktlesing og allsong, og du er hjarteleg velkomen til å bli med.
Jakob Sande vart fødd i Bestefarstaua 1. desember 1906. Dette markerer vi med diktardagen. På diktardagen 1. desember vert det lys i alle hus i Klokkargarden, på tusenårsstaden og på Steia. Du er hjarteleg velkomen inn i husa på garden. I tunet vert det allsong, lesing og lystenning.
Det startar kl. 1700 med graut og høgtlesing for born i Løa. Rolf Magne Golten Andersen, skaparen av Kokosbananas-universet, kjem og les frå Nattninja.
Kl. 1800 tenner vi lysa i tuntreet. Elevar frå valfaget Produksjon for scene på Dingemoen skule, har tidlegare på dagen vore på diktarkurs med Thea Hjelmeland og les no noko av det dei har skapt og leier allsongen. Madina Darwazi les dikt.
Etter stunda rundt tuntreet er du hjarteleg velkomen inn i dei ulike husa på garden.
Bli med inn i:
I Bestefarstaua, der Jakob vart fødd.
I våningshuset, der Jakob vaks opp, og som no er både residens og kontor.
I Gamle skulehuset, der Jakob gjekk på skule, og som no er bokhandel og krambu.
Frå kl. 18.30 og utover vert det også ope hus på Steia Gard, der Nikka Vonen dreiv sin pikeskole, møter du Siri Ingvaldsen, Hans Bjarne Haugen og Alexander Rauboti, som held ope hus og fortel om det nyoppretta venelaget for Nikka.
Fredag arrangerte vi Nynorskdagen for vaksenopplæringa. 17 elevar frå ulike nasjonalitetar skapte eit gruppedikt på nynorsk, saman med dramatikar E.V.Crowe.
Marius Moldvær er på residensopphald i Jakob Sande-senter for forteljekunst. Under opphaldet jobbar han med manus til ein oppvekstroman.
Denne hausten deler vi eit nytt dikt kvar veke. Denne veka er det diktet Åse fantemor frå samlinga Storm frå vest vi presenterer.