I residens: Marius Moldvær

Marius Moldvær er på residensopphald i Jakob Sande-senter for forteljekunst. Under opphaldet jobbar han med manus til ein oppvekstroman.

21.11.2025

Marius Moldvær (f. 1985, Aurland) er ein tverrfagleg kunstnar som arbeider med tekstil, fotografi, skulptur og tekst. Gjennom utstillingar, publikasjonar, foredrag og undervisning undersøker han korleis motiv og tematikkar kan løftast ut av sine vante samanhengar og setjast inn i nye, uventa konstellasjonar. 

Moldvær har ei mastergrad i Critical Theory and Creative Research frå Pacific Northwest College of Art i Portland, og ein bachelor frå Kunsthøgskolen i Bergen. Han har stilt ut mellom anna ved Kabuso, Soft galleri, Palmera, Barents Spektakel, GAFFA i Sydney og Feldman Gallery i USA, og har bidrege med tekstar og essay i ei rekke kunstpublikasjonar. 

No er Marius Moldvær på residensopphald i Jakob Sande-senteret og skriv dette om opphaldet sitt ved senteret:

Under mitt opphald ved Jakob Sande – senter for forteljekunst arbeidar eg på det skjønnlitterære manuset "har ikkje alle tenåringsgutar hatt si seksuelle oppvakning til ein Peter Andre plakat?", ein skeiv oppvekstroman som tek stad på bygda, ein eller anna gong på 90-talet. Dette er ei kjærleikshistorie, og som ei kvar kjærleikshistorie so er den naiv, flau, vakker og til tider nærast klein i si skildring av ei oppvakning både kjenslemessig og kroppsleg. Manuset fylgjer Kjartan, som forelsker seg i Bjørn, men der han fort ser at hans kjensler og tiltrekking mot ein annan gut er noko han må skjula, noko han ser at andre ikke opplev. Utan å ha noko eller nokon å vende seg til brenn han inne med denne kjensla, trangen, og forelskinga på eigahand og forsøker, patetisk og desperat, og få til ei eller anna forløysing mellom dei.

"Eg husker me stod der, Bjørn og eg, midt på sumaren i t-skjorte, sandalar, eller var me barføtte, og såg på det gule ljoset vandre nedover fjellsida og jaga vekk det blåe. Me stod og fraus, venta på varmen, huda vår var nuppete av kulda, alle blodårene våre hadde flykta djupt inn under huda og me var so bleike og nuppete der me hoppa frå ein fot til den andre. Eg minnast at eg såg på deg, huden, andlete, pusten eg nesten kunne sjå avteikna som frostrøyk i lufta, som var den same anden som min, at eg ville kyssa deg då. Eg gjorde ikkje det, og eg forstod det ikkje. Men det var då eg forelska meg i deg.

Eg er er forelska i Bjørn! Tanken på han gjer meg kåt! Eg elskar han!

Tankane er umogeleg å stoppa, dei fell ned i hovudet mitt som styrtregn. Når dei kjem trekk eg pusten djupt og kjenner den hakka på veg ut når eg lar tankane om han fylla kroppen min, og den reagerar, stramar seg og mjuknar seg under presset frå dei. Pressar meg ned og slipp opp, lika naturleg som å pusta."

Marius Moldvær sitt opphald ved Jakob Sande – senter for forteljekunst er støtta og gjort mogeleg gjennom Det Regionale Stipendet frå Bildende Kunstneres Hjelpefond for 2024 administrert av Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Nynorskdagen for vaksne innvandrarar

Fredag arrangerte vi Nynorskdagen for vaksenopplæringa. 17 elevar frå ulike nasjonalitetar skapte eit gruppedikt på nynorsk, saman med dramatikar E.V.Crowe.

Lys i gamle hus: diktardagen 1. desember

1. desember markerer vi fødedagen til Jakob Sande med diktardag med lys i alle husa i Klokkargarden. Det vert grautfest for heile familien, julebøk-tenning, diktlesing og allsong, og du er hjarteleg velkomen til å bli med.

Vekas dikt: ÅSE FANTEMOR

Denne hausten deler vi eit nytt dikt kvar veke. Denne veka er det diktet Åse fantemor frå samlinga Storm frå vest vi presenterer.