Fredag arrangerte vi Nynorskdagen for vaksenopplæringa. 17 elevar frå ulike nasjonalitetar skapte eit gruppedikt på nynorsk, saman med dramatikar E.V.Crowe.
Elevar frå vaksenopplæringa saman med E.V.Crowe
I 2024 arrangerte vi Nynorskveka for vaksenopplæringa i Fjaler kommune. Saman med elevar frå mellom anna Ukraina, Afghanistan, Kongo og Eritrea ved vaksenopplæringa i Fjaler hadde vi undervisningsøkter med dialog, diktlesing og kreativt skrivearbeid. Å vandre inn i nynorsken kan ha sine utfordringar, likeeins kan det vere ei utfordring å ha born som brått meistrar eit språk du sjølv ikkje har eigarskap til endå. Initiativtakar og dramaturg Emma Crowe (E.V.Crowe) leia dei kreative skriveøktene saman med elevane og fann ei form som skapte samhald og lærelyst. Seinare skreiv Emma ein tekst om det til Tidsskriftet Jaja: https://tidsskriftetjaja.no/who-do-you-think-you-ar
I år arrangerte vi Nynorskdagen, der elevane frå vaksenopplæringa samarbeidde om å skape eit gruppedikt, instruert av Emma Crowe. Elevane fekk med seg ny aktuell litteratur utgitt på Samlaget, til inspirasjon og høgtlesing for eigne born. Dei fekk med seg diktboka Ein måne i magen: og andre dikt av Anker Eysajan. Eysajan debuterte nyleg med boka og dikta i boka spring ut av studieåret hans ved Samlaget og Minotenks forfattarskule.
Diktet elevane frå vaksenopplæringa skreiv saman denne fredagen fekk namnet Samfunnet mitt. Forma til diktet er inspirert av diktet Band of Mothers av Jan Brierton.
Samfunnet mitt
Han kom med ved i bilen, så vi kan ha det varmt
Det er det han gjer for meg
Han passa barna mine, så eg kan gå på jobb
Ho passa barna heime, så eg kan reise til Førde
Det er det ho gjer for meg
Han hjelp meg hente ein sofa, så eg får ein plass å slappe av
Han lære meg norsk, så eg kan skrive og snakke norsk
Ho lære meg nynorsk, så eg kan snakke med folk
Ho lære meg norsk, så eg kan snakke med andre
Det er det ho gjer for oss
Ho tek barna mine til parken, så eg kan sende e-postar
Han hjelp meg å reparere sykkelen, så eg kan vere trygg
Han kom til meg og fiksa TV-en, så eg kan sjå på den
Det er det han gjer for meg
Han hjelp meg å lære norsk, så eg kan finne ein jobb
Han hjelp meg å flytte ting, så eg ikkje får vondt i ryggen
Ho køyre barna til barnehagen, så eg kan mate grisene
Ho hjelp meg, så eg kan snakke
Det er det ho gjer for meg
I samarbeid med Samlaget kunne vi gje elevane ved vaksenopplæringa den nye diktboka "Ein måne i magen: og andre dikt".
1. mai er arbeidarane sin kampdag, der krav om rettferd og betre arbeidsvilkår blir løfta fram. I diktet "Til den norske landarbeider" oppmodar Jakob Sande arbeidaren til å reise seg, knyte nevane og slutte seg til kampen, og gå saman under ei felles fane.
Alle sjuandeklassingar i Fjaler og Hyllestad var invitert til Steia gard til Bygningsverndag 21. april. Der deltok elevane i tradisjonshandverk som sløyd, smie, steinarbeid, lafting og gartnararbeid i det rike kulturhistoriske miljøet. Jakob Sande - senter for forteljekunst, Nikka Vonen venelag, Skogselskapet og Kvernsteinsparken stod bak arrangementet. Skrivegruppa fekk prøve seg som både diktarar og journalistar. Med forteljingane om jentene som gjekk på Nikka Vonens pigeskole ferskt i minne, dikta dei fram brev og dagboknotatar frå ein morgon på Steia gard. Dei skreiv også frå ting som var tause forteljarar og fann på historier. Deretter prøvde dei seg som journalistar, og måtte sjå, høyre og spørje for å finne fram til fakta. Her kan du lese journalistane sin rapport frå dagen:
Årets tema i Sandesenteret er "kvinna". Som del av arbeidet med temaet set vi mellom anna søkelys på kvinnene i Sande si dikting. Kvar veke deler vi eit dikt som passar til temaet. Denne vekas dikt er Kleppe-Maret.