Laurdagsope i skulehuset med fastelavnsbollar og -ris!
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Velkomen til oss i sommar! I sommarsesongen, frå 20.juni til 16.august, held våre sommarvertar ope i tunet tysdag-sundag 11-16.
Marie Longva Danielsen er i residens i Jakob Sande-senter for forteljekunst i juni. Under opphaldet arbeider ho på ein ny scenetekst og ei samling poetiske tekstar.
Mariko Miyata-Jancey kjem til Fest i Fjaler med eit barneprogram basert på den prisvinnande biletboka Mieko danser. Gjennom forteljing, rørsle og samtale møter borna Mieko, som elskar å danse og som utfordrar forventningar til kjønn og identitet.
Black Hauge avsluttar laurdagskvelden under Fest i Fjaler med nattspel i tunet 15. august! Der møtast Olav H. Hauge si ikoniske røyst og dikting eit av dei mest nyskapande kunstnariske samarbeida i landet. Gjennom sampla opptak, improvisasjon og eksperimentell musikk gir Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio nytt liv til Hauge sine ord. Resultatet er ei særprega framsyning der poesi, lyd og kulturarv blir utforska på nytt.