Platesamlar og høgskulelektor Arild Torvund Olsen kjem til Sandesenteret for å halde kviss og kåseri om nynorsk platehistorie.
Foto frå Vikebladet
Nynorsk platehistorie kan by på plateknusing, kontroversiell oppjazzing av songskatten, Jakob Sande-tekstar som vart for sterk kost for norsk platebransje, og plateutgjevingar som var ei god blanding av forretning og umoral. Men òg ukjende musikalske perler, uventa storseljarar og banebrytande innspelingar.
Platesamlar og høgskulelektor Arild Torvund Olsen har samla forteljingar frå 80 år med nynorsk vinylhistorie i bokform. Her er plater som du ikkje visste fanst, plater som du mimrar om, og plater du gler deg til å høyre på. 8. august tek han med platespelaren til Sandesenteret for å by på artig musikkhistorie kombinert med musikk-kviss. Det vert akkurat passe vanskeleg, og akkurat passe gøy.
Stad: Løa i Jakob Sande - tunet.
Før kåserikvissen er det utdeling av Samlagsprisen oppe på låven. Etter programmet vert det Folkemusikkpub nede i floren.
Fredag 18. juli viser Marius Kolbenstvedt utdrag frå Mistekunst – ein scenisk monolog basert på møte med palestinsk poesi og personlege tapserfaringar. I Mistekunst vever han saman eigne livskriser med stemmer frå palestinske dikt – ei poetisk og politisk forteljing om avhumanisering, håp og kunsten å sleppe taket.
På 1700- og 1800-talet reiste fleire kvinner frå Sunnfjord til Bergen for å tene som ammer for velståande familiar. Kva fekk gifte koner til å forlate eigne barn, og korleis reagerte samfunnet? Dette har Kristine Ness ved Sunnfjord Museum forska på, med utgangspunkt i livet til husmannskona Marte Movik. Onsdag 30. juli kl. 18 held ho føredrag om temaet i Løa i Sandesenteret, der det òg vert høve til samtale etterpå.
Ei feiring av forteljekunsten! Gjennom mange år har Jakob Sande - selskapet arrangert "Fest i Fjaler". I 2025 markerer vi også at det er fem år sidan Jakob Sande - senter for forteljekunst opna. Sidan opninga i 2020 har Sandesenteret bygd opp ei vesentleg verksemd og fått stor merksemd og blitt eit vitalt senter for forteljekunst. 8. - 10. august markerer vi jubileet med eit variert program innan forteljekunst.