Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

15. juli, 10:00 – 14:00

Kunstnar Charlotte Rintler

Charlotte May Rintler er utdanna kunstnar og illustratør med over 20 års erfaring som biletkunstnar. Ho arbeider hovudsakleg med akvarell og olje, og er særleg kjend for naturalistiske motiv og stemningsfulle skildringar frå natur og kvardagsliv. Arbeida hennar har vore stilte ut fleire stader i Noreg.

Til dagleg arbeider ho som kunstlærar i kulturskulen i HAF, der ho underviser barn og unge i kunst og kreative fag. Gjennom mange år har ho halde kurs og verkstader for både vaksne og barn, med fokus på skaparglede, observasjon og handverk. Ho har også gitt ut aktivitetsbok for barn i samarbeid med Barnas Turlag, og laga kunstverk til teater-, film- og TV-produksjonar.

I sommar held Charlotte ein dags teikneverkstad ved Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard, eit historisk og stemningsfullt miljø som gir perfekte rammer for å arbeide med observasjon og teikning. 

Med blyant og blekk utforskar vi dei gamle trehusa, detaljane i arkitekturen og stemninga på staden. Deltakarane får prøve enkle teknikkar som skuggelegging, tekstur og komposisjon, og arbeide seg fram mot ei lita samling skisser som kvar fortel si historie.

Kurset legg vekt på ro, observasjon og skaparglede, og passar for både barn og vaksne, uansett erfaring. 

Vi arbeider hovudsakleg ute i det fri. Ta gjerne med sitteunderlag eller piknikstol. Kurset vert inne dersom veret vert dårleg. 

Alt av verktøy og materialar får du på kurset. Men ta med matpakke og drikke.

Kurset har avgrensa plassar. 

Billett til kurset her

Kalender

Kva skjer hos oss?

8. juli 12:00 – 15:00

Sommaraktivitetar for born i Sande-tunet

La borna bli betre kjend med diktaren Jakob Sande gjennom natursti, ordjakt, quiz og kreative aktivitetar.

9. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

10. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.