Ta med deg ei bok og les åleine saman med andre. Velkomen til vår stille bokklubb i gamle skulehuset i Sandesenteret.
Ein gong i månaden inviterer Sandesenteret til open bokklubb. I april blir det stille bokklubb laurdag 25., der du kan ta med di eiga bok og lese åleine saman med andre.
Om du vil, kan du dele litt om boka du les eller få tips frå dei andre.
Gratis og ope for alle.
Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.
Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.
Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.