Samtale: Forteljingar i arbeidslivet

Kva for rolle speler forteljekunst i bransjar som journalistikk, kommunikasjon og næringsliv, og korleis påverker KI kompetansebehova knytt til forteljing og formidling?

17. mars, 10:00 – 11:00

Kva for rolle speler forteljekunst i ulike bransjar? Kva utfordringar må aktørar i arbeidslivet navigere når det kjem til forteljing og formidling, til ulike målgrupper, på tvers av kulturar og i digitale flater? Korleis påverker KI kompetansebehova knytt til forteljing og formidling? Kva grunnlag bør skular og utdanning legge? 

Under Sanderseminaret inviterer vi til ein spanande panelsamtale i Løa i Klokkargarden, med Rune Fossum Lillesvangstu frå NRK Nynorsk Mediesenter, Johanne Viken Sandnes frå Sparebank1 Sogn og Fjordane og Ingar Valvik frå Innovasjon Noreg Vestland. Samtalen blir leia av Tor Egil Furevikstrand, ass. rektor ved Dale vidaregåande skule. 

Rune Fossum Lillesvangstu er journalist, forfattar og leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Han har vore fenrik i Forsvaret, har studert historie og statsvitskap, og arbeidd som sportsjournalist, vaktsjef og reporter på TV, radio og nett i Firda og NRK. Han har også gitt ut bok om idrettsheltar frå Sogn og Fjordane og om Førde idrettslag. Som leiar for NRK Nynorsk mediesenter lærar han opp nynorskbrukande journalistar for radio, fjernsyn, nett og sosiale medium.

Johanne Viken Sandnes er direktør for kommunikasjon og samfunn i Sparebank1 Sogn og Fjordane. Ho har tidlegare jobba som kommunikasjonsrådgjevar i TV 2 og i Knowit Experience. Sandnes sit i styret i Framtidsfylket. Ho har studert PR og informasjon ved Høgskolen i Volda.

Ingar Valvik er  ny regiondirektør Innovasjon Noreg Vestland. Han har bakgrunn både frå bank- og kreditt, offentleg sektor og næringsliv i Vestland, og brei erfaring og kjennskap til næringslivet i vår region. Valvik er siviløkonom frå Noregs Handelshøgskule.

Tor Egil Furevikstrand er ass. rektor og norsklektor ved Dale vidaregåande skule. Han har leia faggruppa som har utvikla læreplanen for eit programfag i skapande skriving og forteljekunst. 

Etter samtalen vert det lunsj i Løa.

Billett og lunsj må tingast på førehand. Følg lenkja under. 

Kalender

Kva skjer hos oss?

15. juli 10:00 – 14:00

Teiknekurs med Charlotte Rintler

Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.

16. juli 13:00

Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens fotspor

Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.

17. juli 13:00

Film frå Fjaler. Filmframsyning i skulehuset

Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.