Opning av Lygarbenken i Klokkargarden

Bli med på opning og innviing av den nye benken, Lygarbenken, i Klokkargarden. Opninga vert markert med snorklypping og fargerike forteljingar.

17. mars, 12:45 – 13:30

Under Sandeseminaret opnar vi den nye Lygarbenken som går rundt tuntreet i Klokkargarden, laga av Sjur Haugen. Benken er tenkt som ein samlingsstad i tunet, ein stad der folk kan slå seg ned, ta ein prat og dele kvardagsforteljingar.

Ideen bak Lygarbenken hentar inspirasjon frå gamle forteljetradisjonar, der gode historier gjekk frå munn til munn, og der det gjerne var rom for å smøre litt ekstra på. På ein lygarbenk er det lov å overdrive litt for å halde praten i gang.

Opninga blir markert med ord frå ordførar i Fjaler, Leif Jarle Espedal og forteljingar frå ulike sider av benken. Det vert forteljing ved Bjørn Enes, frilansjournalist og samlar av munnleg historie i Memoar, Kira van Hoegee, direktør ved Nordisk Kunstnarsenter Dale, og forteljar Neha Verma.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Kalender

Kva skjer hos oss?

17. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Open bokhandel, krambu og kafè i det gamle skulehuset laurdagar 11-14.

21. oktober 18:30

Færøykveld i Løa

Gjennom ord, bilete, song, færøydans og smakar får vi kome tett på kulturen og samfunnslivet på Færøyane. Karin Flatøy Svarstad deler historier frå øyane i vest, og saman med dottera og familien til musikaren Hanus G. Johansen blir det ein kveld med færøyske tradisjonar og ein musikalsk hyllest til ein artist som hadde sterke band til Fjaler og Jakob Sande.

24. oktober 11:00 – 14:00

Laurdagsope i skulehuset

Gamle skulehuset som møteplass, krambu og bokhandel held ope kvar laurdag. Her er eit rikt utval frå varer frå eigen produksjon og aktuell litteratur, samt enkel kafè.