Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.
Våre sommarvertar held omvising i Jakob Sandes fotspor kl. 13 tysdagar og torsdagar gjennom heile sommarsesongen (23.06.-06.08).
Ein kan velje mellom desse omvisingane:
Omvisinga om Jakob Sande/Nikka Vonen tek om lag 1 time. Vel ein omvising om både Jakob og Nikka tek omvisinga om lag 1,5 time.
Billett får du i Gamle skulehuset, ope tysdag-sundag 11-16.
Ta kontakt om de ønskjer tinge omvising til ei større gruppe.
La borna bli betre kjend med diktaren Jakob Sande gjennom natursti, ordjakt, quiz og kreative aktivitetar.
Bli med på ei reise tilbake i tid når sommarvertane inviterer til filmframsyning i skulehuset. "Film frå Fjaler" inneheld unike smalfilmar frå 1930- og 1950-talet, med glimt frå kvardagsliv, festdagar og samfunnsliv i bygda. Opptaka, gjort av distriktslækjarane Harald J. Blaauw og Asbjørn Østby, er i dag ein verdifull del av kulturarven i Fjaler.
Utandørs teiknekurs med kunstnar og illustratør Charlotte Rintler ved historiske Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Gjennom teikning med blyant og blekk utforskar kurset dei gamle trehusa, detaljane og stemningane på staden, med fokus på observasjon, komposisjon og kreative teknikkar. Kurset passar for både barn og vaksne.